Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
  5. Analyser eit symbolsk bileteChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Analyser eit symbolsk bilete

Eit symbol er eit visuelt teikn som vi har lært tydinga av. Symbol formidlar ofte ei abstrakt meining.

Fotballspillere og Jesus. Kirkemaleri, La Boca. Buenos Aires, Argentina

Gjennom heile kyrkjehistoria har kyrkjerommet vore fullt av bilete: altertavler, veggmåleri, glasmåleri og ikonar. Bileta formidlar den religiøse bodskapen på ein sterk og klar måte inn i si eiga samtid.

Biletet ovanfor er henta frå ei kyrkje i Argentina, landet som har eit lidenskapleg forhold til fotball. Det er neppe vanskeleg å kjenne att og forstå dei visuelle teikna som er brukte i dette biletet.

I kyrkjemåleriet er det brukt mange symbol. Før du svarer på spørmåla nedanfor kan det vere lurt å studere desse nettsidene:

Oppgåve

Jobb deretter to og to med desse spørsmåla:

  1. Kva tyding har ankeret i kristen symbolikk?
  2. Kva forbind du med flagget?
  3. Kvifor er flagget lenka fast til ankeret?
  4. Kva for assosiasjonar får du når du ser måten Kristus-figuren er framstilt på?
  5. Kvifor har Kristus-figuren raud kappe?
  6. Kva for assosiasjonar får du når du ser måten Kristus-figuren og ankeret er plasserte på i biletet?
  7. Mannen til høgre står med løfta hand. Kva er han eit symbol på, og kvifor held han handa på den måten?
  8. Gutane på biletet har ulik farge på draktene. Kva er desse draktene symbol på?
  9. Kva fortel bakgrunnen i biletet?
  10. Kva fortel dette biletet om tilhøvet mellom fotball og religion i Argentina?

Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter