Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
  5. Analyser eit madonnabileteChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Analyser eit madonnabilete

Omgrepet madonna blir vanlegvis brukt om den bibelske kvinna jomfru Maria, særleg når ho blir avbilda med Jesus-barnet. I denne oppgåva skal du samanlikne eit klassisk madonnabilete med bilete av artisten Madonna.

den spanske kongen og dronningen kneler foran tronen der jomfru Maria sitter med Jesus-barnet
Dette oljemåleriet frå 1490 viser den spanske kongen Ferdinand og den spanske dronninga Isabella som kneler framføre ei trone der jomfru Maria sit med Jesus-barnet på fanget. På den høgre sida av trona står kyrkjefaderen Thomas Aquinas med ei kyrkje i handa, på venstre side Sankt Dominic med ei lilje og ei open bok. Klikk på biletet og bruk forstørringsglaset for å sjå alle detaljane i biletet.

Oppgåve 1

  1. Korleis er dette biletet komponert (balanse, liner, gjentaking)? Kva fortel komposisjonen?
  2. Kva er plassert i forgrunnen? Kvifor er nett desse elementa plasserte der?
  3. Kva er plassert i mellomgrunnen? Kvifor er nett desse elementa plasserte der?
  4. Kva er plassert i bakgrunnen? Kvifor er nett desse elementa plasserte der?
  5. I biletet finn vi eit samspel mellom varme og kalde fargar. I kva delar av biletet er det brukt kalde fargar? Kvifor?
  6. Jomfru Maria har raud kappe. Kva symboliserer denne raudfarga?
  7. Gjer greie for alle symbola du finn i biletet, og forklar kva symbola tyder.
  8. Kva er bodskapen i dette biletet?
  9. Kva fortel dette biletet om verdiar og livssyn i det samfunnet og den tidsperioden biletet blei til i?

Oppgåve 2

Studer biletserien Madonna with child. Kva sider ved kvinnerolla er det desse bileta framhever?

Modonna som herskerinne
Artisten Madonna opptrer i Las Vegas i 2008.

Oppgåve 3

Artisten Madonna flørtar med religion og sex. Les Dagblad-artikkelen Hore og Madonna.

  1. Studer scenebiletet av artisten Madonna i Las Vegas i 2008. Kva sider ved kvinnerolla er det dette biletet framhever?
  2. Gjer greie for alle symbola du finn i biletet av artisten Madonna, og forklar kva symbola tyder.
  3. På kva måte er biletet av artisten Madonna både ein allusjon og ein kontrast til klassiske madonnabilete?
  4. Kva er bodskapen i biletet av artisten Madonna?
  5. Kva fortel dette biletet om verdiar og livssyn i det samfunnet og den tidsperioden biletet blei til i?

Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter