Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
  5. SymbolChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Symbol

Eit symbol er eit visuelt teikn som vi har lært tydinga av. Symbol formidlar ofte ei abstrakt meining. Ein allegori er ei biletforteljing som består av fleire symbol.

Piggtrådgjerde der en tråd er formet som et hjerte. Foto.

Vi omgir oss med symbol

Gjennom heile kyrkjehistoria har kyrkjerommet vore fullt av bilete: altertavler, veggmåleri, glasmåleri og ikonar. Bileta formidlar den religiøse bodskapen på ein sterk og klar måte inn i si eiga samtid. Biletet ovanfor er henta frå ei kyrkje i Argentina, landet som har eit lidenskapleg forhold til fotball. Det er neppe vanskeleg å kjenne att og forstå dei visuelle teikna som er brukte i dette biletet.

Langt vanskelegare er det å tolke dei visuelle teikna og dei biletforteljingane som vi finn i ei mellomalderkyrkje. Dei er baserte på eit forelda biletspråk og krev at vi kjenner til historiske symbol.

Symbol som visuelle teikn

Det som kjenneteiknar symbol som visuelt teikn, er at det ikkje finst nokon direkte samanheng mellom teiknet og den røyndomen det representerer. Når vi likevel forstår meininga med teiknet, kjem det av at vi har lært oss kva det betyr.

Det finst mange kristne symbol. Ikkje alle er like kjente i dag. Ankeret står for håp, hjartet for kjærleik. Lammet og sola er symbol for Kristus, eit auge eller ei hand er symbol for Gud. Dei fleste religionar omgir seg med eit tilsvarande symbolsett.

Når samfunnet endrar seg, misser ein del symbol tyding. Fruktbarheitssymbol er viktige når menneske er avhengige av det jorda til kvar tid kan framskaffe av vekst og grøde. I det moderne industrisamfunnet er det heilt andre symbol som står sentralt.

Helleristning med fruktbarhetssymbol
Dette fruktbarheitssymbolet er ein del av ei helleristing i Østfold. Korleis ville du ha tolka figuren dersom han var rissa inn på toalettet på skulen din?

Symbol, allegoriar og allusjonar

Når vi skal tolke eit bilete, er det viktig å sjå etter kjente symbol. Desse visuelle teikna set ofte det vi ser, inn i ein djupare samanheng. Allegoriar er sette saman av fleire symbol som til saman utgjer ei biletforteljing. I kyrkjerommet finn vi bilete som fortel om Gud, skapinga, Jesu liv, død og oppstode, og sentrale hendingar i kyrkjehistoria.

Eit bilete kan vere utforma slik at det føreset at vi kjenner til eit mediehistorisk bilete. Biletet er då eit sitat, eller ein allusjon. Når vi tolkar eit slikt bilete, må vi også kjenne tydinga til det bildet som blir sitert. For eksempel er biletet av artisten Madonna avhengig av at vi kjenner historia om jomfru Maria og Jesusbarnet, og at vi tidlegare har sett klassiske bilete av "madonna med barnet".

Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter