Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
  5. Analyser og lag ei melding av eit dataspel ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Analyser og lag ei melding av eit dataspel

Du skal melde eit dataspel. Gjer ein analyse, undersøk spelet sin eigenart og kva aktivitet som er forventa av spelaren. Kva kjenneteiknar spelbarheiten til spelet? Kva for estetiske og dramaturgiske verkemiddel finn du? Kva for spelartypar og kva spelemotivasjon inviterer spelet til?

Dataspillere som samles til The Gathering. Foto.

Les nokre spelmeldingar

Når du skal lage ei melding av eit spel, er det viktig å lese tekstar skrivne av andre spelmeldarar. Du finn mange eksempel på nettsida Spillkritikk.no.

Gjer ein analyse av eit dataspel

Vel eit dataspel, spel det og ta notat.

Punkta nedanfor er meint som eit utgangspunkt, ikkje ein mal. Det er viktig at du etter kvart lærer å stille eigne analysespørsmål, og at du formidlar resultatet av analysen på din eigen måte.

Still deg følgjande spørsmål:

  1. Når blei spelet lansert?
  2. Kva selskap har laga det?
  3. Kva for sjanger tilhøyrer det?
  4. Er det eit enkelt eller eit komplekst spel, eit einmanns-spel, eller eit spel som fleire spelar saman, eit casual-spel eller hardcore?
  5. Kva målgruppe har spelet?

Spelbarheit/gameplay og immersivitet

  1. Beskriv reglane til spelet og korleis ein vinn eller taper spelet.
  2. Korleis spelar ein? Kva for fysiske hjelpemiddel (knappar, konsoll, hovudtelefonar o.l) og virtuelle aktivitetar (løpe, snu, skyte, plukke opp, snakke, skrive o.l) er forventa av spelaren? Må ein kommunisere med andre spelarar? Eventuelt kvifor og korleis?
  3. Har spelet ein open eller lukka struktur? I kva grad er leveldesignen styrt av ei historie? I kva grad har spelaren innverknad på framdrifta i spelet?
  4. Kva er det ved spelet som gjer at spelaren blir oppslukt?
  5. Byggjer spelet på eldre spel eller sjangerkonvensjonar?
  6. Kva idé eller meiningsytring ligg bak forma til spelet? Kva verdiar ligg innbakt i spelet?

Verkemiddel og narrativ

  1. Kva for verkemiddel blir brukte; 3D, fargar, lyd?
  2. Beskriv karakterar, miljøet og ev. forteljinga i spelet.
  3. Finst det noka form for nettverk/samfunn rundt spelet på nettet?

Vurdering av dataspelet

  1. Oppsummer dei viktigaste punkta om dataspelet frå analysenotata dine.
  2. Kva synest du om spelet? Begrunn svara.
  3. Kva for spelartypar meiner du spelet passar best til?
  4. Kva for motivasjon for å spele meiner du spelet inviterer til?
  5. Ta skjermdumpar og/eller skjermopptak for å vise mottakaren dei sentrale eigenskapane ved spelet

Tips

Du kan filme eller ta skjermbilete når du spelar, slik at du kan studere spelet meir i detalj etterpå.

Sjå youtube-filmar av andre som spelar dataspelet.

Fekk du heilt dilla og vil vite meir om dataspelanalyse, finn du rikeleg med stoff å setje deg inn i her: Dataspillanalyse fra litteratur og medieleksikon


Lag ei melding

Skriv ein tekst eller eit manus som du les opp til skjermdumpar og video. I eit dataspel er spelaren sjølv den viktigaste aktøren. Ei melding av eit dataspel kan gjerne ha vekt på funksjonalitet og spelaroppleving.

  1. Presenter spelet.
  2. Utdjup dei viktigaste kjenneteikna ved spelet.
  3. Fortel kva di meining er om spelet og grunngi svara dine med argument frå analysen din. Trekk gjerne vekslar på erfaring du har frå andre dataspel. Sei gjerne noko om kven spelet passar for. Ikkje ver redd for å vere personleg.
  4. Avslutt med å ta opp att eitt hovudpoeng du ønskjer mottakaren din skal hugse spesielt.

Hugs

Sjølv om du gir uttrykk for eigne meiningar, bør vurderinga vere fagleg grunngitt. Dette er di subjektive meining om produktet, og hugs at andre kan ha andre meiningar.

Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter