Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
  5. Spelarar av dataspelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Spelarar av dataspel

Når vi skal analysere eit spel, må vi også kunne seie noko om spelaren. Forskaren Bartle deler spelarar inn i fire kategoriar: Utforskarar, strebarar, mordarar og sosiale spelarar, medan Yee meiner at spelarar er motiverte av prestasjon, sosial samhandling og innleving.

Forskar Kristine Jørgensen om spelarar.

Vi ser gjerne for oss at den typiske spelaren er ein nerdete tenåringsgut som sit inne og spelar heile dagen. Vi ser han føre oss som ein hard-core gamer, ein person som er dedikert og prioriterer speling framfor mykje anna. Men det finst mange fleire spelarar som ikkje fell inn under den nemninga, spelarar av begge kjønn og i alle aldersgrupper.

Omgrepet casual-spelarar blir brukt om dei som spelar når dei har ein pause eller treng eit avbrekk. Spela er derfor enkle og gir raske påskjønningar. Store aktørar tilbyr ofte slike spel via sosiale medium.

Det engelske ordet casual tyder tilfeldig. Er du ein slik tilfeldig spelar? Eller kanskje er du ein dedikert spelar?

Kva spelar du? Når spelar du og kvifor?

Gruppering av spelarar

Fleire forskarar har studert ulike spelartypar, val av spel, spelaråtferd og spelarkultur. Forskaren Richard Bartle grupperer spelarar ut frå kva som interesserer dei:

  • Strebarar (Achievers)
    Strebarane er spelarar som ønskjer å meistre utfordringane i spelet best mogleg og blir motiverte av konkurransen med andre spelarar og av reglane i spelet.
  • Oppdagarar (Explorers)
    Oppdagarar er ikkje så opptekne av å vinne. Dei er meir opptekne av å utforske og kartleggje den virtuelle verda i spelet.
  • Mordarar (Killers)
    Mordarar høyrest kanskje frykteleg ut, men dette er berre ei nemning på spelarar som liker å utfordre andre spelarar og meistre spelet betre enn andre.
  • Sosiale spelarar (Socialisers)
    Sosiale spelarar er meir opptekne av å samhandle (interagere) med andre spelarar enn dei er av å interagere med sjølve spelet.

Les meir: Players Who Suit MUDs

Scene fra World of Warcraft der en kriger kommer ridende på hest. Skjermdump.
World of Warcraft er eksempel på eit spel som stimulerer fantasien og gir ulike spelartypar moglegheit til å utfolde seg.

Prestasjon, sosialt samvær og innleving

Forskaren Nicky Yee Daedalu sitt prosjekt viser at spelarar blir drivne av ein meir nyansert og samansett motivasjon. Studien viser at gjennomsnittsalderen på MMORPG (Massive Multiplayer Online Role-Playing Game) -spelarar er nærmare 30 år. Jenter som spelar MMORG er oftare eldre enn gutar, og ein større del av spelarane er vaksne som jobbar eller studerer.

Nicky Yee Daedalu peiker på tre hovudmotiv for å spele i MMORPG.

  • Prestasjon
    Progresjon – makt, akkumulasjon, status
    Mekanikk – tal, optimalisering, malar, analyse
    Konkurranse – utfordre andre, provokasjon, dominere
  • Sosialt samvær
    Sosialisering – chatting, hjelpe andre, treffe nye vener
    Relasjon – personleg, få og gi støtte, utlevere seg sjølv
    Teamwork – samarbeid, grupper, gruppeprestasjonar
  • Innleving
    Oppdaging – utforske, mytologi, finne skjulte ting
    Rollespel – historie, karakterutvikling, roller, fantasi
    Tilpassing – utsjånad, utstyr, stil, fargebruk
    Eskapisme – avslapping, flukt frå verkelegheita, unngå verkelege problem

Les meir: The Daedalus Project

Tenk over:

Kva for spelartype er du? Kva for motivasjon for å spele dataspel kjenner du deg best att i? Korleis tenkjer du deg at du kan bruke dei ulike spelartypane og spelemotivasjonane som hjelp i analysen av eit dataspel?

Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter