Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
  5. Hugseliste ved utforming av analyseoppgåverChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Hugseliste ved utforming av analyseoppgåver

Her er ei liste over element som høyrer heime i ein mediefaglig tekstanalyse, og som du kan plukke frå når du lagar analyseoppgåver. Ikkje alt er relevant for alle tekstar.

Forstørrelsesglass

Innleiande presentasjon (kort om historia, temaet)

Før du går i gang med sjølve analysen, kan du seie litt om den medieteksten som du tek føre deg. Beskriv han heilt overflatisk: Kva slags type medietekst er dette? Kva er temaet?

Samanhengen (konteksten)

No er du inne i sjølve analysen. Du kan starte med å seie noko om den konteksten (samanhengen) medieteksten står i: Når ble denne medieteksten laga? I kva samanheng?

Sendaren

Kven har laga dette? Kva slags miljø kjem dei frå?

Tanken bak

Kva vil sendaren – med kven? Bak alle medietekstar ligg det ei hensikt, sendaren ønskjer å oppnå noko. Du kan ikkje alltid vere sikker på kva. Men ut frå medieteksten og konteksten, kan du som oftast trekke slutningar om “tanken bak”. Er det noko som ein vil publikum skal kjøpe? Ønskjer ein å skape bestemte haldningar? Ønskjer ein å underhalde? Og kven er publikum (målgruppa)?

Oppbygginga (bruk av forteljarelement og struktur)

Her handlar det om form. Korleis blir bodskapen formidla? Kva for forteljarelement blir brukte? Kva fortel det denotative og det konnotative nivået? Korleis er elementa sette saman? Her kan du gjerne seie noko om dramaturgi og bruk av sjanger.

Bodskapen /innhaldet (hovudbodskap, tilleggsbodskap, ev. utilsikta bodskap)

Dette handlar om innhaldet i teksten. Kva er det som blir formidla? Kva er bodskapen?

Effekt på mottakaren

Her begynner dine eigne refleksjonar. Etter å ha sett på kva som blir formidla, og korleis det blir gjort, har du bakgrunn for å trekkje slutningar om kva slags effekt denne teksten vil kunne ha på mottakarane. Du kan også reflektere over kva slags effekt denne typen tekstar kan ha på folk.

Effekt på kultur og samfunn

Refleksjonane dine held fram: Nokre gonger vil ein enkelt medietekst ha stor verknad på det samfunnet han er ein del av. Andre gonger kan det vere meir fruktbart å snakke om effekten av denne typen tekstar.

Bruk av teksten

Mottakaren er ikkje alltid ein som passivt lèt seg påverke. Mottakaren er også ein aktiv brukar som gjer sine eigne val. Korleis kan mottakarane ha nytte av denne teksten?

Evaluering (lukkast sendaren med prosjektet sitt?)

Dersom det er ein reklamefilm du har studert, vil det vere interessant å reflektere over om sendaren oppnådde det han eller ho ville med medieteksten sin – vil salet auke? Også for andre typar medietekstar vil det vere nyttig å gjere seg nokre tankar om i kva grad sendaren har lukkast med det han eller ho ville (sjå punktet ovanfor).


Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter