Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Medieanalyse

Ein analyse er ei systematisk undersøking av eit fenomen. Når du analyserer ein medietekst, stiller du spørsmål til teksten.

Kvinne og et nettverk av ulike stemmer. Maipulert foto.

Ein modell er eit forenkla bilete av røyndomen. Vi kan studere medietekstar i lys av ulike analysemodellar. Prosessorienterte analysemodellar er opptekne av dei ulike elementa i kommunikasjonsprosessen. Kva ønskjer sendaren å oppnå? Korleis blir medieteksten påverka av det mediet som er valt? Kva for effekt har medieteksten på mottakaren?

Semiotiske modellar viser korleis vi skaper meining i møte med ulike teikn. Diskursanalyse et søkjelys på medietekstar i offentlege samtalar og debattar. Korleis er kjønnsrollemønsteret i gamle norske reklametekstar, samanlikna med reklametekstar i dag? I kva grad er nyttårstalen til Kongen uttrykk for nasjonale verdiar og haldningar i Noreg i dag?

For nokre medietekstar er det ein spesiell modell som er mest meiningsfull. Andre medietekstar kan vi studere i lys av fleire modellar.

Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter