Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Kronikken og kommentarenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Kronikken og kommentaren

I kronikkar og kommentarar er tankane og meiningane til forfattaren meir synlege enn i ein vanleg avisartikkel. Skribenten kan bruke verkemiddel som ironi, overdriving og språklege bilete.

Sven Egil Omdal med gullpennen
I 2009 blei Sven Egil Omdal tildelt journalistikkprisen Gullpennen med følgjande grunngjeving: ”Han er en uredd kommentator som har klare og til dels nådeløse meninger."

Kva kjenneteiknar ein kronikk?

Avissjangeren kronikk er ein resonnerande og opplysande tekst. Han er ofte skriven som ein del av eller som eit innlegg i ein debatt.

Kronikken er ein slags artikkel, men han har eit djupare og meir fagleg innhald. Vi kan seie at kronikken gjer greie for ei sak på ein meir nyansert måte, og inviterer lesarar som veit lite om saka til å forstå bodskapen, tenkje over henne og sjå henne frå fleire sider.

I den tradisjonelle artikkelen er forfattaren ”usynleg”. Teksten er skriven i ein resonnerande, sakleg normalstil. I kronikken, derimot, kan vi finne språklege verkemiddel som ironi, over- og underdriving, biletbruk og ordval som kan overraske.

Kronikken har ofte ein fast plass i dei store riks- og regionsavisene. Ein kronikkforfattar har nemninga kronikør. Nokre aviser har faste eksterne kronikørar som skriv på oppdrag eller bestilling. Det kan vere ein skribent med spesiell fagkunnskap, men det kan også vere ein journalist som har spesialisert seg på sjangeren.

Kva kjenneteiknar ein kommentar?

Ein kommentar gir uttrykk for journalisten eller ein utanforståande ekspert sine oppfatningar av ei sak, gjerne basert på utfyllande bakgrunnskunnskap. Tidlegare var det nærmast tabu at same person skreiv både nyheitsartiklar, bakgrunnsartiklar og kommentarar. I dag er skiljet mellom objektiv og subjektiv journalistikk ikkje lenger så tydeleg i nyheitsredaksjonane. Derimot er det viktig at den som kommenterer ei hending, har tilstrekkeleg kunnskap og innsikt.

Leiaren har ofte ein fast plass i avisa og er ein kommentar som gir uttrykk for avisa sitt offisielle syn i bestemte saker. Leiaren kan vere skriven av redaktøren eller andre med leiarposisjon i avisa. Ein avispetit eller eit radiokåseri er medietekstar med skråblikk på det verkelege livet, utforma i ein personleg, uformell og humoristisk stil, men gjerne med ei alvorleg undertone.

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale