Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Fjernsynsshowet Eurovision Song Contest ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fjernsynsshowet Eurovision Song Contest

Bli med bak kulissene når verdas største direktesendte TV-show går på lufta!

Hugsar du den magiske augneblinken i Melodi Grand Prix-finalen i 2010?

Det største fjernsynsshowet i verda

Den europeiske kringkastingsunion (EBU), er den største samanslutninga av nasjonale radio og TV-selskap i verda. Frå 1956 har EBU årleg arrangert ein musikkonkurranse der dei fleste av dei 52 medlemslanda deltek. Eurovision Song Contest, eller Melodi Grand Prix som showet ofte blir kalla i Noreg, er det største fjernsynsshowet i verda.

Då Alexander Rybak vann i Moskva i 2009, sat heile 124 millionar menneske i Europa framfor TV-skjermen. Berre store sportshendingar som OL, Superbowl og verdsmeisterskapen i fotball kan måle seg med dei utfordringane ein slik stor TV-produksjon byr på. Då Noreg arrangerte Eurosong-finalen på Telenor Arena i 2010, var over 1000 personar i sving for å avvikle det direktesende fjernsynsshowet.
Sjå korleis NRK planla Eurovision Song Contest 2010.

Eit nasjonalt lyft

Fjernsynsshowet Eurovision Song Contest følgjer eit strengt rammeverk. Artistane frå deltakarlanda framfører etter tur songane sine på scenen, og fjernsynssjåarar over heile Europa stemmer deretter på dei songane dei liker best. Men slike store fjernsynsshow blir også brukte til å promotere vertslandet. NRK nedsette derfor ei prosjektgruppe i 2009 for å sikre innspel frå heile det offisielle Noreg. Dei ulike innspela blei til slutt til ein visjon, uttrykt gjennom slagordet ”Share the Moment!

Arrangementet blei lagt til Telenor Arena. Tonnevis av utstyr blei leigd inn frå norske og utanlandske kringkastingsselskap. Det totale budsjettet for fjernsynsproduksjonen var 211 millionar, noko som førte til at NRK måtte gi frå seg retten til å sende fotball-VM.

Menneska bak produksjonen

Den viktigaste personen i ein slik stor produksjon er prosjektleiaren. Han eller ho styrer eit stort nettverk av medarbeidarar som må til for å få det heile på lufta:

  • TV-produsenten gir instruksar til alle som er involverte i produksjonen, bestemmer kva for kamera som skal ut på lufta, og kva for biletutsnitt ein skal bruke.
  • Innspelingsleiaren sørgjer for at alle aktørane er på plass og gir ulike teikn til programleiarane.
  • Kameramannen styrer kamera etter instruks frå produsenten.
  • Biletmiksaren klipper mellom de ulike biletkjeldene: kamera som filmar direkte, og innslag som er laga på førehand.
  • Scripten informerer alle som er involverte i produksjonen, om korleis sendinga ligg an i høve til køyreplanen. Ho gir beskjed om kva som skal skje, og tel ned slik at alle har kontroll på tida.
  • Teknisk leiar har ansvaret for alt det tekniske i samband med sendinga. Han skal kople opp det som trengst, og teste at alt fungerer slik det skal. Han har ofte ansvaret for sikkerheita i studio også.
  • Lydteknikaren har ansvaret for alt som har med lyd å gjere. All lyd under sendinga blir styrt frå lydkontrollen.
  • Lysteknikarane har ansvaret for ei enorm mengde lyskastarar og styrer blendar og fargetemperatur på alle kamera.

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale