Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Dramadokumentar og dokumentardramaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dramadokumentar og dokumentardrama

Dramadokumentaren og dokumentardramaet kombinerer verkemiddel frå både fiksjons- og dokumentarfilmen. Skillelinjene mellom sjangrane er utydelege, og omgrepa blir derfor brukte om kvarandre.

Bruno Ganz som Hitler i filmen Der Untergang (2004)

Sjangrane kan knytast til to ulike tradisjonar innan film- og TV-produksjon, den amerikanske og den britiske.

Dokumentardramaet

Eit dokumentardrama (dokudrama) baserer seg på verkelege hendingar framstilte heilt eller delvis i fiktiv form. Dokumentardramaet kan koplast til den måten å lage film på som vi kjenner frå den amerikanske film- og TV-tradisjonen. Dokudramaa er ofte baserte på "ei sann historie", og filmane blir komponerte etter dei dramaturgiske prinsippa frå Hollywood-modellen.

Sjangeren blir brukt som samlenemning for biografiske eller historiske filmar eller TV-seriar som set i scene og dramatiserer verkelege hendingar eller livet til verkelege personar. Filmane bruker ekte skodespelarar, det blir skrive dreiebok og manus, og det blir elles jobba på same måten med filmproduksjonen som det ville blitt gjort om det var ein fiksjonsfilm.

Eit eksempel på dokudrama er spelefilmen Der Untergang. Filmen bruker skodespelaren Bruno Ganz for å framstille den historiske personen Adolf Hitler.

Dramadokumentaren

Dramadokumentaren kan knytast til den britiske TV-tradisjonen. Der dokudramaet dramatiserer verkelege hendingar eller livet til kjende personar, forsøker dramadokumentaren å simulere hendingar som i liten grad er dokumentert historisk, slik det vil vere dersom det ikkje er nokre vitne til hendinga, om hendinga fann stad for svært lenge sidan, eller om det dreier seg om meir generelle samfunssmessige spørsmål eller hendingar frå kvardagslivet. Filmskaparen bruker her ein dokumentarisk stil for å formidle eit fiktivt innhald. Hendingane blir attskapte i ei dramatisert form ved å bruke ein forteljande stil i staden for ein skildrande stil.

Eit eksempel på dramadokumentar er TV-serien The Rise and Fall of an Empire, som også har blitt vist på NRK. Eit anna eksempel er TV 2-serien The Making of the Mob, der vi blir kjende med dei mafiasjefane som bygde eit kriminelt imperium i USA på byrjinga av 1900-talet. Serien er ei blanding av dramatisering og arkivmateriell, i tillegg til intervju med eit breitt utval av personar. Denne framgangsmåten er også brukt i dokumentarfilmen Med rett til å kapre, som du kan sjå her på NDLA.

Ofte blandar ein fleire sjangrar i ein og same film. Nokre delar av ein film er då reint dokumentariske, medan andre er iscenesette, eller illustrert ved hjelp av figurar og animasjonar.

Fakta eller fantasi?

Dramadokumentaren har alltid vore ein mykje brukt sjanger, både på film og fjernsyn. Til ein viss grad bidreg både dramadokumentaren og dokumentardramaet til å viske ut grensene mellom fakta og fiksjon. Ein kritikk mot desse sjangrane er derfor at dei faktiske tilhøva blir ofra til fordel for dramatiske verkemiddel.

Dei som forsvarer denne samanblandinga, meiner gjerne at ei dramatisering ikkje utelukkar ein sannferdig dokumentasjon. Ein vanleg dokumentarfilm er også berre ein måte å framstille røyndomen på. Film kan aldri vere fullstendig objektiv. Han vil alltid vere påverka av filmskaparen sine meiningar og preferansar.

Fiksjon i dokumentarform

Skodespelaren og filmskaparen Orson Welles skapte i si tid panikk då han i 1938 framførde H.G. Wells sin roman War of the Worlds som høyrespel på radio. Welles nytta ei forteljeform som fekk amerikanarane til å tru at marsmenn hadde invadert New Jersey.

Kurer om den gode historien

0:00
Kurer om den gode historien

Eit kjent norsk døme er Ni liv (1957), den norske filmatiseringa av Jan Baalsrud sine opplevingar under krigen, der Jack Fjeldstad speler Baalsrud. Denne filmen blei nominert til Oscar i klassa for beste utanlandske film i 1957. Han blir ikkje rekna som ein dokumentarfilm, men er ei iscenesetjing av hendingar som har funne stad. I 2017 ble forteljinga om Jan Baalsrud fortalt på nytt i filmen Den 12. mann.

I dag gjer ulike former for datagenerert animasjon det mogleg å skape audiovisuelle representasjonar av fiktive hendingar, både i fortid og framtid. TV-serien Life After People er ikkje dokumentaristisk i tradisjonell meining, sidan han fortel om noko som kan kome til å hende. Men serien bruker mange av verkemidla til dokumentarfilmen. Slike forteljingar om framtida har ein klar parallell til ein annan sjanger, nemleg science fiction.

Krigsdrama

Hendingar og opplevingar frå krigsåra var ikkje berre grobunn for spennande og dramatiske filmforteljingar, det var også ein måte å fortelje om etterkrigstida på. Framstillinga av krigen i okkupasjonsdramaa var ein reiskap, både for å forstå krigsåra og for å skape eit nytt Noreg etter krigen.

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale