Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Fakta, fiksjon eller faksjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fakta, fiksjon eller faksjon

Filmar som byggjer på fiksjon blir kalla spelefilm eller fiksjonsfilm. Ein dokumentarfilm formidlar fakta. Eit dokudrama er ein faksjon – ei mellomform mellom fiksjon og fakta.

Vibeke Løkkeberg
Den norske filmregissøren Vibeke Løkkeberg har laga både spelefilmar og dokumentarfilmar.

Fakta og fiksjon

Også innan film er det vanleg å skilje mellom fiksjon og fakta. Fiksjonsfilm blir også kalla spelefilm, mens film som handlar om faktiske hendingar og personar, blir kalla dokumentarfilm.

Vi kan føre omgrepet "dokumentar" (på engelsk "documentary") attende til det latinske "docere", som betyr å undervise eller lære bort. På engelsk er det også vanleg å snakke om "non-fiction film".

I ein spelefilm er det som skjer, ei konstruert hending. Skiljet mellom dokumentarfilm og spelefilm er likevel ikkje så lett å trekkje, fordi sjangrane låner verkemiddel frå kvarandre. Kva som faktisk er fakta, er det ikkje alltid like lett å bli samde om, og det er mange spelefilmar som er baserte på noko som har skjedd. Den norske storfilmen Ni liv er eit godt eksempel på det.

Vi har også mellomformer der fakta og fiksjon blir blanda saman til det vi kallar faksjon. Eit eksempel på faksjon er dokudrama.

Sanning og objektivitet

Det er vanleg å omtale dokumentarfilm som noko som speglar røyndomen, som noko objektivt og sannferdig. Målet er då å halde filmen fri for framstillingar basert på ideologi, moral, personleg smak eller politisk synspunkt.

Problemet er berre at det blir umogleg å lage film utan å ta utgangspunkt i det å forstå ein situasjon. Dersom vi skal krevje streng objektivitet, er film teke opp av eit overvakingskamera eit slikt døme. Men ingen vil kalle ein videostraum frå eit overvakingskamera for dokumentarfilm.

Den palestinske spillefilmen Paradise Now er basert på ei fiktiv historie om to sjølvmordsbombarar på Vestbredda. Er denne filmen mindre sann enn Dagsrevy-reportasjen Uskuldige dør i Midtausten eller filmen Gazas tårer ?

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale