Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. DokumentarfilmChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Dokumentarfilm

Dei første filmane som blei viste offentleg handla om faktiske hendingar. Ein dokumentarfilm er ei dramatisert framstilling av aktuelle eller historiske tilhøve.

Kva er ein dokumentar?

Før 1910 viste nesten alle filmane noko som faktisk hadde skjedd. Filmkamera var på plass der viktige hendingar fann stad, som då kong Haakon første gongen sette foten på norsk jord i 1905, og då Bjørnstjerne Bjørnson talte til folket frå trappa på Aulestad.

Film som handlar om faktiske hendingar og personar, kallar vi dokumentarfilm. Omgrepet "dokumentar" (på engelsk "documentary") kjem av det latinske ordet "docere", som tyder å undervise eller lære bort. På engelsk er det også vanleg å snakke om "non-fiction film".

I ein dokumentarfilm er det samsvar mellom korleis noko blir framstilt i filmen, og dei faktiske aktuelle eller historiske tilhøva. Filmen verkar som ein samanhengjande retorisk heilskap – han fortel om noko sett frå ein ståstad.

Ei aktiv tolking av røyndomen

Den britiske filmskaparen John Grierson blir rekna for å vere den som først tok i bruk omgrepet dokumentarfilm. Han definerte dokumentarfilm som ”the creative treatment of actuality”. Ifølgje Grierson er ein dokumentarfilm ei dramatisering av røyndomen, der filmskaparen tek eit standpunkt i høve til dei problemstillingane som filmen handlar om. Grierson meinte altså at det ikkje er nok å gje att hendingar. Filmskaparen må aktivt fortolke det som hender.

Grierson trekkjer fram Sergej Eisensteins Panserkryssaren Potemkin (1925) som eit døme på dokumentarfilm. Filmen er ei iscenesetting av eit opprør på eit russisk marinefartøy i 1905. I dag ser nok dei fleste på dette som ein spelefilm.

Grierson meinte at ein får det beste resultatet dersom dei som har teke del i ei hending, spelar seg sjølve når hendinga blir sett i scene. Den første lange dokumentarfilmen i verda, Nanook of the North, er eit døme på det.

Forteljamåtar i dokumentarfilmar

  • Foredragsaktig – til dømes med bruk av voice-over
  • Observerande – "floga på veggen"
  • Deltakande – filmskaparane tek del i dei hendingane som blir filma
  • Refleksiv – filmen problematiserer sitt eige tema og det å lage film om det (filmen ser på seg sjølv)
  • Framførande – filmskaparane set sjølve i gang dei hendingane som blir filma
  • Poetisk – det reint formmessige får størst vekt

Kjenneteikn på ein dokumentarfilm

  • Filmskaparen freistar å formidle ein bodskap om noko som skjer, har skjedd, eller kan kome til å skje i den verda som omgjev oss.
  • Det blir skapt ei forventning hjå tilskodaren om at det som blir fortalt er sannferdig.
  • Opptaka er gjorde på location, i mindre grad i studio.
  • Skodespelarar blir i liten grad nytta.
  • Framstillinga er truverdig.
  • Temaet går på samfunn eller historie, eller presenterer personar (biografisk).
  • Funksjonen er å informere, diskutere, engasjere, setje på dagsordenen (dvs. meir enn berre å underhalde).
  • Filmen blir omtalt som ein dokumentar og blir vist i samanhengar der ein forventar å sjå dokumentarar.
  • Han inneheld stiltrekk som reportasje, bruk av intervju, handhelde kamera, manglande kontinuitetsklipping osv.
  • Filmen si forteljarstemme er argumenterande, observerande eller undersøkjande.
  • Det er samsvar mellom framstillinga i filmen og dei faktiske aktuelle eller historiske tilhøva.
  • Filmen står fram som ein samanhengande retorisk heilskap, han fortel om noko frå ein ståstad.
  • Han er viktig. Filmen kan på ein eller fleire måtar bli forstått som eit bidrag til ei betre verd.

Kon-Tiki

Den mest kjende norske dokumentarfilmen er truleg Kon-Tiki frå 1951. Oppdagaren Thor Heyerdahl både regisserte og spela i filmen. Dette er ein film der det som blir vist, blei filma idet hendingane faktisk skjedde. Filmen vann ein Oscar for beste dokumentar, sjølv om mange har påpeika at det filmatiske handverket er relativt amatørmessig.

Kompilasjonsfilm

Å kompilere betyr å samle stoff og setje dette saman til eit produkt. Ein kompilasjonsfilm er dermed laga med utgangspunkt i eit materiale som alt er filma. Filmskaparen set deretter dette saman til ein heilskap.

Dei første kompilasjonsfilmane vart til i Russland på 1920-talet, i tida like etter revolusjonen. Ein av dei mest kjende filmane vart laga av Esfir Shub, som kryssklipte filmar av den russiske tsarfamilien med bilde av fattige menneske. Filmen Romanovdynastiets fall er ein kompilasjonsfilm som vart nytta til å forklare kvifor revolusjonen var naudsynt. Filmen vart laga i 1927, og sidan dette var før lydfilmen si tid, brukte ein tekstplakatar mellom filmklippa.

I dag har mange dokumentarfilmar og nyheitsinnslag på TV innslag av kompilasjonsfilm. Eksempel er filmen Gazas tårer av Vibeke Løkkeberg. Gazas tårer er laga med filmmateriale som viser krigshandlingane, men utan at Løkkeberg var til stades. Videoopptaka frå mange ulike kjelder vart i ettertid sette saman for å fortelje den historia som Løkkeberg ønskjer å formidle.

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale