Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Journalistiske sjangrarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Journalistiske sjangrar

All journalistikk har eit snev av subjektivitet. Det er likevel vanleg å skilje mellom objektiv og subjektiv journalistikk. Objektiv journalistikk byggjer på etterprøvbare fakta. Subjektiv journalistikk blir også kalla meiningsjournalistikk.

Elever med videokamera, skriveblokk og mikrofon. Foto.

Journalistiske sjangrar

Når journalisten har henta inn informasjon frå ulike kjelder, er tida komen for å utforme avisteksten eller skrive nyheitsmeldingar og blokker. Ein journalistisk sjanger skil seg ut frå andre medietekstar i det at han byggjer på etterprøvbare fakta og fortel om hendingar som verkeleg har funne stad. Det betyr ikkje at alle journalistiske sjangrar er reint objektive. Nokre sjangrar er prega av journalistens eller redaktørens meiningar. Slike sjangrar blir iblant kalla for meiningsjournalistikk eller subjektiv journalistikk.

"Objektive" sjangrar

Nyheitsartiklar er den mest vanlege avissjangeren. Nyheitsartikkelen fortel fakta om noko som har hendt, og set ofte lys på hendinga frå ulike sider. Teksten er som oftast utforma slik at det viktigaste kjem først, og gir svar på spørsmåla kven, kva, kor, når, kvifor og korleis. Dersom saka er lita nok, blir nyheita presentert som ein notis. Notisen er ei kort nyheitsmelding, vanlegvis mellom 10 og 20 liner.

I radio og fjernsyn bruker vi nemninga nyheitsmelding. Den er gjerne kort og blir utfylt av intervju og blokker. Ei blokk er eit samandrag av informasjon som journalisten har fått frå ulike kjelder, og blir brukt til å binde nyheitsinnslaget saman.

Bakgrunnsartikkelen fortel om bakgrunnen for det som har hendt. Det kan vere historiske hendingar, vitskaplege teoriar eller politiske vedtak som er viktige for å forstå dei dagsaktuelle hendingane. Sjangeren finn vi også igjen i aktualitetsprogram i radio og TV, for eksempel i eit program som URIX på NRK1. I dag ser vi ei arbeidsdeling der nettavisene i stor grad overtek den raske nyheitsformidlinga, mens dei tradisjonelle nyheitsmedia legg meir vekt på å formidle bakgrunnsstoff og kommentarar.

Intervju er både ein arbeidsreiskap og ein journalistisk sjanger. Intervjuet kan utformast som ein rein nyheitssjanger eller ha form av eit portrettintervju der journalisten prøver å teikne eit bilete av kven ein person er. Ein enquête er eit intervju der journalisten stiller same spørsmål til fleire personar.

Sjangrar med personleg vri

Reportasjen er ein vanleg mediesjanger i aviser, tidsskrift, radio og på TV. Utgangspunktet for reportasjen er gjerne ei nyheitssak eller eit aktuelt tema. Felles for alle slags reportasjar er at journalisten eller fotografen sjølv reiser ut for å undersøkje kva som skjer, og for å snakke med aktuelle personar. Reportasjen blir derfor prega av journalisten sine eigne opplevingar og kjenslemessige reaksjonar.

Feature er ein mellomting mellom ein journalistisk og ein litterær tekst. Journalisten bruker litterære verkemiddel for å gi lesaren eller lyttaren både ein intellektuell og ei kjenslemessig oppleving. Sjangeren er mest vanleg i avisene sine helgebilag, og krev at journalisten har god tid og ei spesiell evne til å formulere seg. Featurejournalistikk blir derfor ofte omtalt som journalistikkens Rolls Royce.

Pressefoto

Pressefoto er også ein journalistisk sjanger. Eit reportasjebilete kan fortelje meir enn mange ord. Du kan også bruke arrangerte eller manipulerte bilete, men da bør det kome fram i biletteksten. Eit manipulert bilete kan lyge. Men det kan også eit bilete som er teke ut av samanhengen.

"Subjektive" sjangrar

Ein kommentar gir uttrykk for journalisten eller ein utanforståande ekspert sine oppfatningar av ei sak, gjerne basert på utfyllande bakgrunnskunnskap. Tidlegare var det nærmast tabu at same person skreiv både nyheitsartiklar, bakgrunnsartiklar og kommentarar. I dag er skiljet mellom objektiv og subjektiv journalistikk ikkje lenger så tydeleg i nyheitsredaksjonane. Derimot er det viktig at den som kommenterer ei hending, har tilstrekkeleg kunnskap og innsikt.

Leiaren har ofte ein fast plass i avisa og er ein kommentar som gir uttrykk for avisa sitt offisielle syn i bestemte saker. Leiaren kan vere skriven av redaktøren eller andre med leiarposisjon i avisa. Ein avispetit eller eit radiokåseri er medietekstar med skråblikk på det verkelege livet, utforma i ein personleg, uformell og humoristisk stil, men gjerne med ei alvorleg undertone.

Twittermelding

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale