1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Reportasje i radio og TVChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reportasje i radio og TV

Nyheitsreportasjen i radio og fjernsyn skal gi lttarane og sjåarane ei kjensle av å vere til stades der det skjer, han skal hente verda der ute rett inn i stova til folk.

Nyheitssendingar og nyheitsreportasjar

Nyheitsformidling på radio og TV har form av nyheitsmeldingar, intervju og reportasjar. Nyheitssakene må på lufta så snart noko har skjedd. Dei blir naturleg nok plasserte i eigne nyheitssendingar, ofte kvar heile og halve time. Desse sendingane er svært korte, gjerne berre tre minutt. Nyheitssakene må derfor vere svært korte (ca. 30 sekund per innslag).

Reportasjane kan plasserast seinare i sendeskjemaet , eller i litt lengre og utvida nyheitsmagasin. Det gir journalistane betre høve til å gå lenger inn i sakene.

Også på innhaldssida er det forskjell på ei nyheitssak og ein reportasje. Mens ei nyheitssak har som hovudmål å formidle fakta om noko som har hendt, skal ein reportasje også formidle observasjonar og inntrykk.

Verkemiddel i radioreportasjar

I ei nyheitssak brukar ein gjerne berre innslag i form av intervju. I ein reportasje legg ein gjerne til både musikk, effektlydar (kunstig tilsett lyd, til dømes knirking frå dør) og kontentum (bakgrunnslyd) og andre lydlege verkemiddel.

Lyttarane skal få kjensla av å vere til stades der det skjer. Dette oppnår journalisten ved å bruke intervju, lydar frå staden, musikk og si eiga stemme. Dette gjeld både for nyheits- og feature-reportasjen (magasinsaka).

Målgrupper for radioreportasjar

Verkemiddelbruken er også avhengig av målgruppa ein lagar programmet for. Reportasjane på Radio 1, som vender seg til unge lyttarar, er mykje meir ”stressande” og held eit høgare tempo enn til dømes reportasjane på NRK P1, som har mest vaksne og eldre lyttarar. Dei ulike radiostasjonane har som regel klare målgrupper for alt dei sender, og lagar reportasjane sine deretter.

Eksempel på radioreportasje:

Radioreportasje Kongo-saken

0:00
Radioreportasje Kongo-saken

Verkemiddel i radioreportasjar

I ein TV-reportasje bruker ein både levande bilete, intervju og stemma til reporteren. I tillegg er det vanleg med musikk, effektlydar (kunstig lyd, til dømes knirking frå dør) og kontentum (bakgrunnslyd) som verkemiddel, men det viktigaste av alt er biletmaterialet. Det hender faktisk svært ofte at saker med gode bilete blir prioriterte framfor saker utan spennande bilete.

Innhald

Ein TV-reportasje byggjer ein vanlegvis opp på denne måten:

  • Introduksjon
    Reportasjen startar med ein introduksjon (eller intro som det ofte heiter), der sjåarane får vite kva reportasjen handlar om. Introen er ofte skriven av reporteren som har laga sjølve reportasjen, men det er programleiaren som les han.
  • Anslag
    Reportasjen begynner med eit anslag. Anslaget kan vere nokre spennande bilete eller ei spesiell utsegn frå eit intervjuobjekt. Føremålet med anslaget er å vekkje interesse hos sjåarane.
  • Hovuddel
    Etter anslaget kjem det oftast ei saksframstilling, ein saksdokumentasjon, kanskje ein konfrontasjon mellom to partar og så ei løysing. Målet er å halde på interessa til sjåarane gjennom heile reportasjen.
  • Avrunding og utroduksjon
    Reportasjen blir gjerne avrunda som han starta, med noko spesielt slik at sjåarane hugsar saka. Til slutt tek kanskje programleiaren ordet att og avsluttar med ein utroduksjon (ofte kalla utro). Denne inneheld vanlegvis nokre tilleggsopplysningar som ikkje blei nemnde i reportasjen. Dessutan kjem namn på reporter, fotograf og gjerne også redigerar nedst på skjermen.

Det er svært krevjande å lage gode tv-reportasjar både når det gjeld utstyr og tid. Det trengst fleire personar for å lage reportasjen, til dømes reporter, fotograf og redigerar. Reportasjar som ikkje skal brukast i nyheitene, blir derfor sjeldan laga same dagen som dei skal sendast.

Reportasjar kan lagast i samband med aktuelle nyheitssaker. Men på same måten som i aviser og radio kan journalistane ofte sjølve velje ut saker som skal setjast på dagsordenen. I program som Forbrukarinspektørane og TV 2 hjelper deg er det til dømes oftast programskaparane sjølve som avgjer kva for saker dei tek opp.

Målgrupper for TV-reportasjar

Dei ulike TV-stasjonane har som regel klare målgrupper for alt dei sender, og lagar reportasjane sine deretter. Dess yngre målgruppa er, dess meir bruk av redigeringseffektar, bakgrunnsmusikk og ulike kameravinklar kan ein tillate seg. Reportasjane i ungdomsprogram på tidleg ettermiddag er til dømes mykje meir ”stressande” og held eit høgare tempo enn reportasjane på Dagsrevyen på NRK, som er mynta på vaksne og eldre lyttarar.

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Eksempel på feature-reportasje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.