Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Kva er ein reportasje?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er ein reportasje?

Ein reporter fortel om det han eller ho har høyrt og sett. Reportasjen består ofte av eitt eller fleire intervju, i tillegg til reporterens eigne skildringar. Vi skil mellom nyheitsreportasjar og feature-reportasjar.

Reporteren header

Kva er ein reportasje?

Ordet reportasje kjem frå latin, reportare, som tyder ”å bringe tilbake”. Reportasjen er ein vanleg mediesjanger i aviser, blad, radio og på TV. Utgangspunktet for reportasjen er gjerne ei nyheitssak eller eit aktuelt tema. Felles for alle slags reportasjar er at journalisten eller fotografen sjølv dreg ut for å undersøkje kva som skjer, og for å snakke med aktuelle personar.

Nyheitsreportasje og feature-reportasje

Det er vanleg å skilje mellom to typar reportasjar; nyheitsreportasjen og feature-reportasjen (innan radio ofte kalla magasinsak). Nyheitsreportasjen tek utgangspunkt i ei aktuell sak, og journalisten fokuserer på å få fram det vesentlege ved denne saka.

Feature-reportasjen derimot har eit anna føremål. Han legg større vekt på å skildre menneske, miljø og stemningar, og journalisten har større fridom til å velje kva ho vil fokusere på. Han kan også nytte språklege verkemiddel og forteljetekniske grep på ein måte som nærmar seg skjønnlitteraturen.

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale