Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Lag ein pitch for eit TV-konseptChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein pitch for eit TV-konsept

Du skal selje inn eit nytt TV-konsept for ein potensiell kunde. Du bestemmer sjølv kva konseptet skal gå ut på. Ver kreativ! Når du er klar, skal du framføre pitchen for andre.

Elever presenterer i klasserommet. Foto.

Kva er ein pitch?

Ein pitch er ei kortvarig framføring av ein idé for ein potensiell samarbeidspartnar eller kunde. I løpet av nokre få minutt skal du få andre til å tenne på idéen din og sjå potensialet i han.

Slik lagar du ein pitch

Ein pitch skal på ein enkel og lettfatteleg måte formidle kva idéen din går ut på. Eit godt råd frå bransjen er: «Keep it simple, stupid!»

Start gjerne med ei utsegn som vekkjer nyfikne. Du kan illustrere pitchen din med enkle skisser eller stillbilete. Ikkje grav deg ned i detaljar. Det gidd ingen å høyre på.

Og hugs: Dersom ikkje du er entusiastisk, så blir ikkje andre det heller!

For meir om korleis du lagar ein pitch, sjå her: Pitching

Vurder kvarandre

Jobb anten i små grupper eller i klassen. Gi kvarandre terningkast til kvart stikkord, og gi ei samla vurdering, for eksempel terningkast, til slutt.

  • Idé: Kor god er ideen, er han original?
  • Forklaring av konseptet: Er det lett å forstå kva programmet går ut på?
  • Tidsbruk: Varer pitchen i nokre få minuttar, eller blir han for lang?
  • Engasjement: Blir stemme og kroppsspråk brukt på ein god måte?
  • Gjennomførleg: Kunne dette vorte noko av i den verkelege verda?
  • Totalt inntrykk: Kva for terningkast vil de gi til slutt?

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Eksempel på feature-reportasje

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kjeldemateriale.