Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. KrimsjangraneChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Krimsjangrane

Finn ut kva sjangrar ulike krimfilmar og krimbøker høyrer til.

Hvitt omriss av kropp på asfalt

Vi kan dele inn kriminallitteraturen i ulike grupper. Nedst på sida finn du eit forslag til ei slik inndeling. Vurder i kva kategori eller gruppe desse kriminalromanane og -filmane høyrer heime:

  1. Mordet i prestegården av Agatha Christie
  2. Isprinsessen av Camilla Läckberg (bok og film)
  3. Hodejegerne av Jo Nesbø (bok og film)
  4. James Bond-filmane
  5. De dødes tjern (bok og film)
  6. Nattsvermeren (film)
  7. Fracture (film)
  8. Den rosa panteren (film)
  9. Ring politiet (film av Alfred Hitchcock)

Lag di eiga tre-på-topp-liste med dei kriminalfilmane, –seriane og –bøkene du liker best. Kva kategori høyrer dei heime i?

Krimsjangrane

Whodunnit
Mordet har skjedd, men kven har gjort det? Detektiven løyser mysteriet.

Howcatchem
Vi veit kven skurkane er, men korleis skal heltane få has på dei?

Hardkokt krim
Sterke skildringar av sex og vald, og den meir organiserte kriminaliteten er ofte ein sentral del av historia.

Politiprosedyren
Detektiven arbeider i politiet, og etterforskingsmetodane blir ofte overtydande skildra.

Rettsthriller
Rettssystemet er ramma for desse historiene, og hovudpersonane er ofte advokatar og klientar som skal bevise uskuld eller avdekkje korrupsjon på høgt nivå.

Spionkrim
Hovudpersonane er spionar, som i mange tilfelle arbeider for eit etterretningsbyrå.

Skurkehistorier
Handlar som regel om ran eller svindel, men vi ser handlinga slik skurkane ser ho – og vi heiar ofte på kjeltringane. Blir gjerne kalla «caper stories» på engelsk.

Psykologiske thrillerar
Inneheld ofte mykje horror, mystikk og grufulle handlingar, og galne gjerningsmenn har ein viktig rolle.

Krimparodiar
Satiriske og ironiske imitasjonar av dei ulike krimsjangrane.

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale