Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Parodi på dogmefilmChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Parodi på dogmefilm

Ein parodi er ei etterlikning som latterliggjer originalen, med overdriving som eit viktig verkemiddel. Revy-skodespelarar, standup-komikarar og karikaturteiknarar er døme på folk som må kunne parodiere.

Dogmefilm er eit konsept som blei introdusert i 1995 av ei gruppe danske filmregissørar som kalla seg Dogme 95. Gruppa ønskte å skape ei motvekt mot kommersialiseringa og fokuset på effektmakeri i film. For å oppnå dette laga dei ei rekkje reglar som skulle sikre at filmane blei enkle, og som regissørane måtte skrive under på.

Oppgåve

I videoklippet ovanfor opptrer Thomas Numme som dogmefilmprodusent.


  1. Kva betyr ordet ”karikatur”?
  2. Kva for personlege eigenskapar har den personen Thomas Numme karikerer i denne sketsjen?
  3. Kva for verkemiddel bruker Numme når han karikerer personen?
  4. Kva er det som set handlinga i gang, og kva er det som driv handlinga framover i denne sketsjen?
  5. Kva ligg i omgrepet ”dogmefilm”?
  6. Kva for reglar for filmproduksjon er det han harselerer med her?
  7. I kva grad er filmspråket prega av den retninga innan filmproduksjon som han parodierer?

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale