Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Humor på fjernsynChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Humor på fjernsyn

Norskprodusert humor er viktig når norske TV-selskap kjempar om sjåarane. Humor bygger nemleg på inngåande kjennskap til kulturelle kodar og konvensjonar.

Kva er ein fjernsynskomedie?

Situasjonskomedien er ein periodisk narrativ framført av skodespelarar. Karakterane har ofte eigenskapar som er forsterka og reindyrka (stereotypiar). Det vi ler av, er eigentleg svake sider som vi kjenner att hjå oss sjølve og våre næraste. Eksempel: Seinfeldt, Mot i brøstet og Borettslaget.

Sketsjkomedien består av korte sketsjar med monolog eller dialog, ofte prega av parodi og satire. Sketsjane kan vere sette saman til ein fjernsynsrevy, eller inngå i eit talkshow. Programleiaren og paneldeltakarane i slike show har ofte faste rollar baserte på visse personlegdomstrekk. Eit klassisk eksempel på sketsjkomedie er Supperådet. Andre eksempel: Nytt på nytt, Brille, Torsdagskveld fra Nydalen.

Stand-up-komedien er ei form for scenekomikk der det berande elementet er evna komikaren har til å snakke om eit tema på en personleg og morosam måte.

Situasjonskomikk frå verkelegheita har vore populære humorinnslag så lenge fjernsynet har eksistert. Eit klassisk eksempel er 60-talsprogrammet Skjult kamera. Denne forma for humor er framleis svært populær både på TV og på YouTube. NRK Sørlandet sitt innslag om Lettskremte Basse blei i løpet av få dagar delt av tusenvis av sjåarar på YouTube, Twitter og Facebook. Sjå til dømesl: På glatte sko med Saabye Christensen

Verkemiddel

Sjølv om programkonsepta er forskjellige, er ofte verkemidla dei same.

  • Slapstic-humor spelar på det uvanlege og det groteske; folk som blir slått i hovudet med steikepanner, fell ut av vindauge, eller eser opp slik at dei ikkje er til å kjenne att, ofte kombinert med repetisjon av eit bestemt åtferdsmønster som vi veit får uunngåelege følgjer. Eksempel: Tom og Jerry.
  • Vitsar er morosame forteljingar med overraskande poeng.
  • Ein parodi viser fram eit vrengebilete av ein person eller situasjon. Eksempel: Parodi på mattelærar
  • Satire og ironi er humor basert på eit samfunnsengasjement hjå komikaren. Hensikta er å avkle og latterleggjere dei som har makt i samfunnet. Eksempel: Are Kalvø og Espen Beranek Holm om satire . Det er ei smal grense mellom mobbing og satire. Ein komikar som har fått kritikk for å gå over denne grensa, er Otto Jespersen.
  • Sjangerbrot. Moderne TV-humor leikar ofte med referansar til kjente medietekstar og ironiserer over både eigne og andre sine verk. Eit eksempel er kyllingstuntet til Bård Tufte Johansen, der komikaren bryt inn i ein seriøs nyheitsreportasje. Det er eit uhøyrt brot på den aller heilagaste av alle TV-konvensjonar.

Frå karneval til fjernsynssatire

Fjernsynskomedien er ei vidareføring av den folkelege latterkulturen, slik denne kom til uttrykk i varietéteatera på 1700- og 1800-talet og i dei klassiske filmkomediane og teaterrevyane på 1900-talet. Røtene til den folkelege latterkulturen kan ein spore heilt tilbake til karnevalet i mellomalderen. Karnevalet markerte inngangen til fasta med maskeradeball og opptog gjennom gatene. Samfunnsnormene blei i ein kort periode sette til side. Folk kunne le av personar og forordningar ein elles ikkje burde spøke med dersom ein hadde livet kjært.

I karnevalstida blei symbol på status og makt snudd på hovudet. I avhandlinga Karnevalets formspråk i humor-TV skriv Yngvar Kjus om korleis den fattigaste tiggaren blir krona og hylla som karnevalskonge. Denne forma for komikk finn vi att i moderne fjernsynshumor, for eksempel når Harald Eia og Bård Tufte Johansen lèt personar med Downs syndrom vere ekspertpanelet i Åpen post.

Vulgærhumoren, som særleg Harald Eia, Anne Kat Hærland og Kristopher Schau er representantar for, hentar tydeleg inspirasjon frå det Yngvar Kjus kallar "karnevalets groteske degradering". Harald Eia sitt klassiske foredrag om "skrukken" og forfallsprosjektet til Kristopher Schau er eksempel på dette.

Komikaren Sigrid Bonde Tusvik om grenser for TV-humor.

Satiriske oppgjer med dominerande samfunnsnormer og parodisk latterleggjering av makteliten er vanlege innslag i fjernsynskomediane i dag. Eksempel er programma Nytt på nytt på NRK og Torsdagsklubben på TV 2. Nokre meiner at denne forma for humor er ein ventil for folkeleg frustrasjon. I land der slik humor er forboden på fjernsyn, tyr folk lettare til vald når dei kjenner seg frustrerte og makteslause.

Norsk humor sel

Fjernsynshumor på 1960-talet var nokså godlynt i forma, sjølv om politikarar også då kunne få passa sine påskrivne. Radikaliseringa på 1970-talet ga etter kvart større rom for samfunnssatire. På 1990-talet begynte norske komikarar å utfordre grensene for humor på TV. Kva er det lov å le av? Kva er tabu? Utviklinga blei driven fram av eit ønske om å vidareutvikle og fornye sjangeren, men truleg også av konkurransen mellom dei mange nye TV-kanalane.

I dag er tilgang til norskprodusert humor viktig når TV-selskapa kjempar om sjåarane. Grunnen til at norsk fjernsynshumor sel, er truleg at humor krev inngåande kjennskap til kulturelle kodar og konvensjonar. Men enkelte konvensjonar er globale. Difor kan utanlandsk situasjonskomikk og meir sofistikert, akademisk humor fungere også her i landet.

Til fordjuping

Norsk Medietidsskrift: Karnevalets formspråk i humor-TV

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale