Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Nyheitssendingar på fjernsynChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Nyheitssendingar på fjernsyn

TV-nyheiter er faktabaserte medietekstar. Nyheitssendinga har ein fast forteljarstruktur og består av introduksjonar, nyheitsmeldingar, reportasjar, studiointervju og kommentarar. Sendinga blir leia av eit nyheitsankeret som må framstå som truverdig.

Nina Owing om balansen mellom innenriks- og utenriksnyheiter i Dagsrevyen. (Videoen er frå 2012 og eksempla som er brukte er preget av det ).

Nyheiter som TV-sjanger

TV 2 og NRK sender nyheitssendingar fleire gonger dagleg. Ei nyheitssending baserer seg på fakta om noko som nettopp har skjedd, eller som er blitt aktuelt akkurat no.

Nyheitsforteljinga inneheld ulike teksttypar: introduksjonar frå studio, nyheitsmeldingar, intervju og reportasjar. Ei nyheitsmelding er ein kort tekst som blir lesen opp i studio. Som oftast blir meldinga illustrert med levande bilete eller stillbilete som er kjøpte frå eit nyheitsbyrå.

Fjernsynsreportasjen består gjerne av videoinnslag som er laga på førehand. I spesielle, dramatiske situasjonar opptrer reporteren ”på direkten”. Då får vi ei augevitneskildring av det som skjer akkurat no. Dei fleste reportasjane inneheld korte intervju.

Studiointervju er ein eigen tekstsjanger. Intervjuobjekta er som oftast politikarar, ekspertar, eller andre offentlege personar. Det er også vanleg å invitere ein kommentator inn i studio under sendinga. Det kan vere ein journalist som har spesialisert seg på temaet, eller ein utanforståande ekspert.

Studiointervju med skodespelaren Adil Khan i TV-serien Taxi

Forteljarstruktur

Du har kanskje lagt merke til at TV 2-nyheitene eller Dagsrevyen er bygde opp på same måten kveld etter kveld? Ei nyheitssending har som oftast eit hovudoppslag. Etter det kjem eit par kortare oppslag. Nyheitsmeldingane blir gjerne delt inn i innanriksnyheiter og utanriksnyheiter. Nyheiter som handlar om sport og vêr, blir ofte presenterte i eigne seksjonar.

Knut Helland omtalar oppbygginga av ei nyheitssending på fjernsynet slik (Larsen, Hausken: Medievitenskap 2 (1999)):

  • Vignett
  • Nyheitsoverskrifter
  • Etablering av hovudforteljar(ar) (nyheitsanker)
  • Nyheitsinnslag (hovudoppslag)
  • ”Teaser” (… meir om dette seinare)
  • Nyheitsinnslag (eitt eller fleire)
  • Overlevering (for eksempel frå eit nyheitsanker til eit anna eller frå nyheitsankeret til sportsankeret)
  • Sportsnyheiter (og i tillegg ofte vêrvarsel)
  • Avskjed (oppsummering av dei viktigaste nyheitene, på gjensyn, god kveld)
  • Avrunding (vignett)
  • Avslutning (produksjonsopplysningar)


Vignetten markerer starten og slutten på sendinga. Vignetten er utforma slik at han gir eit signal om kva type sending det er vi ser på, og kva vi kan vente oss av det som blir vist på skjermen.

Nyheitsankeret

Nyheitsverten, eller nyheitsankeret, bind forteljinga om dagens nyheiter saman. TV 2 og NRK bruker ofte to nyheitsanker som bytter på ha forteljarrolla, og som av og til også kommenterer det vi ser. Den viktigaste funksjonen til nyheitsankeret er å gjere nyheitsforteljinga truverdig. Nyheiter blir derfor presenterte på ein seriøs og objektiv måte.

Truverdet blir også etablert gjennom at nyheitsankeret har blikkontakt med oss som ser på, sidan han eller ho ser rett inn i kamera. Nyheitsankeret kan overlate ordet og autoriteten til ein reporter eller kommentator. Eit intervjuobjekt representerer ei subjektiv tolking av hendingane. Det blir markert ved at desse personane ikkje har augekontakt med oss, men vender seg til ein synleg eller ikkje-synleg representant for nyheitskanalen.

Christian Borch har lang erfaring som nyheitsanker i Dagsrevyen.

Christian Borch jobbar i mange år som nyheitsanker i Dagsrevyen i NRK.

  • Korleis meiner han eit nyheitsanker bør framstå?
  • Kvifor er truverde viktig?
  • Kva skaper truverde?

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale