Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. FjernsynsdramaetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Fjernsynsdramaet

Eit fjernsynsdrama er ei fiktiv forteljing framført av skodespelarar. Eit drama er ofte delt inn i fleire episodar. Fjernsynsdramaet bruker verkemiddel som vi kjenner frå film.

Ingar Helge Gimle som finansminister Erik Ulrichsen i Mammo. Foto.
gar Helge Gimle som finansminister Erik Ulrichsen i Mammon. Mammon II» vann Emmy-pris for beste internasjonale dramaserie i 2017.

Frå teaterscenen til TV-skjermen

Omgrepet drama blir vanlegvis brukt om ei fiktiv forteljing som blir framført av skodespelarar på ei scene. Moderne fjernsynsdrama er ein eigen TV-sjanger som i større grad bruker verkemiddel frå fiksjonsfilmen. I fjernsynet sin barndom blei eit fjernsynsdrama produsert på same måten som ei teaterframsyning. Mellom anna sette NRK opp mange Ibsen-framsyningar for fjernsyn.

Det norske fjernsynsteateret sette opp mange skodespel av Henrik Ibsen i perioden 1970 til 1990. Framsyningane liknar filma teater.

Dramaseriar

Stort sett blir fjernsynsdrama vist som seriar, føljetongar eller såpeseriar. I daglegtalen nyttar vi ofte omgrepet "TV-serie" om alle tre sjangrane, men innan mediefaget definerer vi det som ei periodisk framstilling der forteljinga blir delt opp i episodar.

Les meir om kva som kjenneteiknar føljetongar og seriar.

Dramaseriane dukka første gongen opp på amerikansk fjernsyn på 1950-talet. Fjernsynsdramaet har utvikla seg mykje sidan den tida, særleg dei siste ti åra. Kvaliteten på mange amerikanske TV-seriar er i dag på full høgde med kinofilmen. Det same gjeld europeiske produksjonar, som til dømes BBC-dramaet Downtown Abbey og dei danske seriane Borgen, Matador og Riget. Norske TV-seriar som Erobreren og Halvbroren er filmatiseringar av kjente norske romanar.

Kriminalseriar

Kriminalforteljinga har lang tradisjon som fjernsynsdrama. Dei fleste seriane som blir sende på norsk fjernsyn, er amerikanske eller britiske. Heltane er ofte politietterforskarar, men det kan også vere journalistar eller advokatar. Nokre hevdar at populære advokatseriar har ført til auka interesse for jusstudiet blant ungdom.

I dag blir det også produsert mange skandinaviske kriminalseriar, som dei svenske seriane om Beck og Wallander, og dei tilsvarande danske seriane Broen og Anna Pihl. Eksempel på norske produksjonar er Nobel og Mammon. Skandinaviske seriar er ofte samfunnskritiske. I amerikanske seriar var det lenge tabu å ta opp politiske eller moralske spørsmål som ein kunne tolke som innlegg i samfunnsdebatten. Dette har endra seg dei siste åra.

Skandinaviske TV-seriar er ulike britiske og amerikanske kriminalseriar også når det gjeld dramaturgi og persongalleri. Amerikanske seriar er prega av action, mens skandinavisk krim er meir oppteken av psykologi. Vi blir kjente med hovudpersonane både i profesjonell og privat samanheng. Problem på heimebane og vanskelege relasjonar til kollegaer er sidekonfliktar som appellerer til eit skandinavisk publikum.

Komediar

Fjernsynskomediar er prega av slapstickhumor og situasjonskomikk, basert på morosame replikkar og komiske karakterar. Seriane opererer ofte med eit avgrensa og fast persongalleri, og nokre få innandørsscener som er billige å produsere og lette å gjenbruke. Eksempel på norskproduserte komiseriar er Karl & Co, Alt for Norge, Borettslaget, Hos Martin og Lillyhammer. Standup-komediar, som Seinfeld, Frazier og norskproduserte Dag, er ein eigen undersjanger.

Atle Antonsen har hatt suksess med mellom anna komiserien Dag på TV 2

Fantasy

Fantasy er ein populær sjanger, også på fjernsyn. Seriar som Game of Thrones og The Legend of the Seeker tek utgangspunkt i populære romanar. 90-talsseriane X-files og Twin Peaks bidrog mykje til utviklinga av denne TV-sjangeren. Ein serie som True Blood har blitt karakterisert som ein leik med sjangerkonvensjonar, og ein kan sjå på han som rein sjangerparodi. Forteljingar om vampyrar og andre overnaturlege fenomen er også populære på TV (Twilight, True Blood og Walking Dead).

simpsons på frimerker

Satire i teikneserieform

Animasjonsseriane Simpsons og South Park kommenterer aktuelle hendingar på ein samfunnskritisk måte. Kanskje er det meir akseptabelt når bodskapen blir framført av teikneseriefigurar? Fleire episodar har likevel blitt trekte tilbake i USA.

Dei siste åra har det dukka opp ei ny form for TV-satire på nett og mobil. VGTV har hatt stor suksess med Fanthomas-serien, Oslogirls og Sex og SingelSiv. Andre mediehus har brukt same oppskrift, for eksempel Dagblad-TV-serien Jomfru i nød.

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale