Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Mediesjangrar

Ein mediesjanger består av medietekstar som har mange fellestrekk. Ein sjangertekst er styrt av sosiale konvensjonar.

Ansikt med hud som avispapir og et åpent øye. Illustrasjon.

I naturfagtimen lærer vi å dele planter og dyr inn i klassar ut frå bestemte kjenneteikn. Blåveisen tilhøyrer soleiefamilien, ulven hundefamilien. På same måten deler vi medietekstar med mange fellestrekk inn i mediesjangrar.

Medietekstar blir vanlegvis delte inn i grupper ut frå form og funksjon. Men særleg innan underhaldningsmedia florerer sjangernemningane basert på innhald. Vi har valt å samle medietekstar i grupper ut frå det mediet dei blir distribuerte gjennom. Men ein sjanger er ikkje knytt til eit spesielt medium, sjølv om medietekstar til ei viss grad er prisgitte det mediet dei blir distribuerte gjennom.

Det er ikkje tilfeldig at ein medietekst blir som han blir. Avsendaren kjenner kva forventningar, eller sosiale konvensjonar, som gjeld for ein bestemt tekstsjanger. Vi ventar at ein kriminalroman handlar om brotsverk, offer, skurkar og etterforskarar. På same måten ventar vi at nyheitsopplesaren på radio framfører meldingane på ein sakleg og seriøs måte.

Eit bevisst forhold til sjangerkonvensjonar er viktig både for dei som produserer ein medietekst, og for den som er mottakar og tolkar teksten.

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Eksempel på feature-reportasje

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kjeldemateriale.