Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Medietekstar og medieanalyse

Ein medietekst er ei ytring som blir distribuert gjennom eit massemedium frå ein sendar til ei gruppe mottakarar. Når vi analyserer ein medietekst, stiller vi spørsmål til teksten.

Sirkler, bokstaver og lydbølger over et menneskensikt. Illustrasjon.

I daglegtalen bruker vi ordet tekst om skriftlege framstillingar i bøker, aviser og på nettet. Men når vi beskriv og analyserer medieuttrykk, bruker vi omgrepet tekst på ein utvida måte. Ein medietekst er ei nemning på alle ytringar som blir distribuerte gjennom eit massemedium. Felles for alle medietekstar er at dei har ei tyding, ein bodskap som skal overførast frå ein sendar til ei gruppe mottakarar.

Mange medieuttrykk er så enkle og ukompliserte at vi forstår dei straks. Andre er meir kompliserte. For å forstå bodskapen i ein kompleks medietekst, må vi ha analytisk kompetanse. Når vi analyserer ein medietekst, stiller vi spørsmål til teksten som vi prøver å finne svar på.

Spørsmåla vi stiller til teksten, kan variere ut frå kva føremålet med analysen er. Når vi analyserer ein reklametekst, er vi ofte opptekne av å finne ut i kva grad teksten påverkar mottakaren i ei bestemt retning. I ein filmanalyse kan føremålet vere å beskrive dramaturgi og filmatiske verkemiddel som får oss til å leve oss inn i historia. Dersom vi nærles teksten, kjem det gjerne fleire lag til syne. Alle kulturuttrykk fortel ei historie om si eiga samtid.

Emner

Medietekstar og medieanalyse

  • Forteljeteknikken i ein medietekst varierer ut frå føremålet med forteljinga og kva kanal den blir formidla gjennom.

  • Medieanalyse

    Ein analyse er ei systematisk undersøking av eit fenomen. Når du analyserer ein medietekst, stiller du spørsmål til teksten.

  • Filmanalyse

    Film og levande bilete er ein stor del av mediekvardagen vår. Gjennom filmanalyse kan du lære deg å forstå filmane, og du kan bli ein meir kritisk mediebrukar.