Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. NaturbruksyrkeChevronRight
  5. Fiske og fangst: yrke og utdanningChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fiske og fangst: yrke og utdanning

Norsk sjømat er kjend for å ha god kvalitet. For å halda ved lag dette omdømmet treng vi fagfolk som har kunnskap og ferdigheiter når det gjeld fanst, fartøy og miljø. På jobb som fiskar får du vera mykje ute, du kan føra din eigen båt eller vera mannskap på større fartøy som fiskar over heile verda.

Vidaregåande opplæring

Etter Vg1 naturbruk kan du gå Vg2 fiske og fangst. Her får du læra om dei ulike fiskeria, om reiskapane og om båtane. Du kan ta teorien til kystskippersertifikatet. Etter to års opplæring på fiskebåt kan du avleggja fagprøven. I læretida får du lønn. Når du har nok fartstid, kan du løysa ut sertifikatet.

Etter fagbrevet

Med eit fagbrev i handa kan du også gå vidare til høgare utdanning. Du kan gå på fagskule, følgja Y-vegen inn i høgskulesystemet, eller skaffa deg generell studiekompetanse og søkja universitet og høgskule på vanleg måte. Praktisk erfaring og kunnskap frå skule og læretid gir eit godt grunnlag for studia.

Etter fagbrev kan du gå vidare på fagskule og ta høgare sertifikat som gjer at du kan føra større fartøy.

Du kan også studera reiskapsteknologi, logistikk, bioteknologi eller økonomi i høgare utdanning.

Les meir om utdannings- og yrkesmoglegheitene i sjømatnæringa på sidene til Sett sjøbein.

Cathrine studerer biomarin innovasjon

Sjømatnæringa treng kompetanse på mange nivå. Forsking på nye driftsmåtar og utvikling av nye produkt er viktige satsingsområde.

Læringsressursar

Naturbruksyrke