Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. NaturbruksyrkeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å arbeida som hovslagar

Hovslagaryrket har lange tradisjonar, men vart innført i vidaregåande skule for få år sidan. Du går Vg1 naturbruk og Vg2 heste- og hovslagarfaget før du held fram som lærling i to år. Til saman tek det fire år å verta hovslagar gjennom vidaregåande opplæring.

Hovslagarfaget har tre hovudområde: hovpleie, helse og sjukdom, verktøy og materiale.

Innhaldet i læreplanen

Hovpleie tek for seg dei ulike arbeidsoppgåvene til hovslagaren. Dette omfattar også handtering av hesten og åtferda til hesten. Her lærer du om verking, skoing, balansering og korrigering. Andre tema er etikk, kommunikasjon, velferd for hest og regelverk.

I helse og sjukdom lærer du om anatomi, med vektlegging på bein og beinstilling, om sjukdomslære og skadar.
Verktøy og materiale tek for seg materialval, verktøy og smiing, i tillegg til vedlikehald av utstyr.
Alle kompetansemåla finn du her:

Læreplan i hovslagarfaget Vg3 opplæring i bedrift

Alle hestar har behov for hovstell

Ein hovslagar skal sko og skjere hovane på alle typar hestar. Om hesten skal ha sko eller ikkje, kjem an på kva hesten treng, men alle hestar har behov for jamleg verking. Talet på hestar, næringsverksemder og bruksområde aukar, og det betyr større etterspurnad etter profesjonelle yrkesutøvarar.

Læringsressursar

Naturbruksyrke