Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. NaturbruksyrkeChevronRight
  5. Yrke knytte til naturbrukChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Yrke knytte til naturbruk

I dette arbeidsoppdraget i naturbasert aktivitet skal du gjera deg kjend med yrke knytte til naturbruk. Du skal læra kva yrka går ut på, kven dei passar for, kva krav dei stiller til utdanning, og ulikskapar og forskjellar mellom yrka.

Collage av yrkesutøvere. Foto

Dette skal vi gjera:

Vi skal jobba med temaet i tre økter:

  • Første økt er ein introduksjon til temaet og besøk hos ein yrkesutøvar.

  • Andre økt består av besøk hos fleire yrkesutøvarar og tid til å starta på presentasjonen av tre utvalde yrke.

  • Tredje økt er presentasjon/framføring og oppsummering av temaet.

Etter den første økta har du:

  • gjennomført læringsstien om yrke og yrkesval på NDLA og svart på oppgåvene i denne læringsstien
  • fortalt kva du lærte om deg sjølv ved å ta testane. Skriv fem–ti setningar om dette og lever det inn samen med presentasjon av tre yrke i den siste læringsøkta i dette temaet.
  • nemn minst ti yrke/jobbar der personen på ein eller annan måte arbeider med natur eller naturbruk
  • kome med minst tre eksempel på yrke knytte til naturbruk som ikkje krev høgare utdanning
  • kome med minst tre eksempel på yrke knytte til naturbruk som krev høgare utdanning etter vidaregåande skule
  • kome med eksempel på forskjellar og likskapar mellom desse seks yrka
  • besøkt ein yrkesutøvar og stilt desse spørsmåla:
    a. Kva jobbar yrkesutøvaren med heilt konkret?
    b. Kva for utdanningsbakgrunn har personen?
    c. Kva liker denne personen ved yrket sitt?
    d. Er det noko i yrket som personen synest er utfordrande, eller som personen ikkje liker så godt?
    e. Kven passar dette yrket for?
    f. Må ein ha spesielle personlege eigenskapar?
    g. Kan du eventuelt få lov til å ta bilete som viser noko av arbeidet personen gjer?
Fire arbeidsoppgaver i naturbruk. Fotokollasj
Naturbruksyrke

Etter den andre økta har du:

  • besøkt to–tre nye yrkesutøvarar og spurt desse spørsmåla:
    a. Kva jobbar yrkesutøvaren med helt konkret?
    b. Kva for utdanningsbakgrunn har personen?
    c. Kva liker denne personen ved yrket sitt?
    d. Er det noko i yrket som personen synest er utfordrande, eller som personen ikkje liker så godt?
    e. Kven passar dette yrket for?
    f. Må ein ha spesielle personlege eigenskapar?
    g. Kan du eventuelt få lov til å ta bilete som viser noko av arbeidet personen gjer?
  • valt tre yrke som du vil setja deg nærare inn i. Eitt av desse yrka skal vera yrke vi møtte på eitt av besøka våre.
  • starta på å laga presentasjon av tre yrke. For kvart av yrka skal presentasjonen minst innehalda
    a. kva yrket eller jobben går ut på
    b. kva utdanning ein må ha
    c. kor ein kan få denne utdanninga
    d. kva for slag studiekompetanse ein må ha dersom dette er eit yrke som krev høgare utdanning, og kor mange poeng du må ha for å koma inn på studiet. Dette finn du på http://www.samordnaopptak.no/info/
    e. kven dette yrket passar for. Må ein ha spesielle personlege eigenskapar?
    f. minst tre teikningar eller bilete som har med dette yrket å gjera. Du kan henta frå internett eller ta eigne bilete.
    g. ein samanlikning mellom de tre yrka. På kva måtar er dei ulike? På kva måtar er dei like?

Vurdering:

Eigenvurdering ved hjelp av dette skjemaet: Eigenvurdering: Yrke knytte til naturbruk

Filer

Avtal med læraren korleis arbeidet skal vurderast med karakter.

Læringsressursar

Naturbruksyrke