1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. NaturbruksyrkeChevronRight
  5. På kva måtar er yrke ulike?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

På kva måtar er yrke ulike?

På kva måtar er yrke forskjellige? Og korleis skal eit yrke vera for at du skal trivast i det? Det siste spørsmålet er lettare å svara på når vi har vore i jobb i nokre år, men kanskje har du nokon svar allereie no?

Tenksom ung gutt. Foto

Tilsett eller sjølvstendig næringsdrivande?

Mange som er utdanna innan naturbruk, driv si eiga bedrift – for eksempel eit gardsbruk, eit gartneri, eit oppdrettsanlegg, eller dei har sin eigen fiskebåt, sitt eige anleggsgartnarfirma, eigen stall eller kennel. Ein sjølvstendig næringsdrivande må sjølv sørgja for lønna si ved å produsera varer og tenester som nokon er villig til å kjøpa og betala for.

Å driva eiga næring er forskjellig frå å vera arbeidstakar. Arbeidet er ofte meir sjølvstendig, mangfaldig, variert og arbeidskrevjande. Det er også mindre sikkert kva du får i lønn samanlikna med å vera fast tilsett ein stad.

Diskuter:

  • I kva yrke som du kan ta til i etter å ha fullført vidaregåande utdanning innan naturbruk, får du gode høve til å drive eiga bedrift?
  • Dersom ein jobb inneber mykje fridom og sjølvstende, inneber jobben då også mykje ansvar?

Praktiske eller meir teoretiske utfordringar?

Dette spørsmålet er ofte knytt til utdanninga som yrket krev. I jobbar som krev høgskule- eller universitetsutdanning, jobbar du meir med teoretiske utfordringar, bruker meir tid ved skrivebordet og har meir av arbeidsdagen inne, enn dersom du har eit fagbrev eller ei anna utdanning frå vidaregåande opplæring.

Diskuter:

  • Er det slik at jobbar som krev eit langt studium, gir større faglege utfordringar, enn jobbar som krev mindre utdanning?
  • Kva kan vera fordelane og ulempene med å ha ein jobb som er fagleg utfordrande?
  • Kva faglege spesialiseringar kan vi ha innan yrke som krev fagbrev eller anna yrkesfagleg utdanning?
Ved datamaskinen. Foto
Jobba inne eller ute?

Praktiske yrke er også ulike

I yrke knytte til naturbruk jobbar mange hovudsakleg med dyr, fisk eller planter. Somme jobbar mykje med maskiner. Ein del jobbar nesten berre ute, mange arbeider inne i ein driftsbygning, og nokre jobbar inne i oppvarma hus. Mange har same arbeidsstaden gjennom heile året, medan andre gjer ferdig ein jobb på ein stad for så å flytta til neste. Noen yrke er fysisk tunge, og krev at du lærer deg god arbeidsteknikk og held deg i god form.

Diskuter:

  • I kva yrke jobbar ein mykje med levande dyr eller levande fisk?
  • Samanlikn yrke der ein jobbar mykje med dyr, med omsorgsyrke der ein jobbar med menneske. Ser du nokon fellestrekk?
  • I kva naturbruksyrke er det ekstra viktig at arbeidstakaren er fysisk sterk og held seg i god form?

Kva er viktig for deg?

Gjer denne testen: Karriereverdiar. Test frå NAV

  • Nemn fire ting som er viktig for deg når du skal velja yrke.
  • Kva for to av desse fire tinga er aller viktigast for deg?
  • Diskuter med eleven ved sida av deg og finn ut om det er noko de begge synest er viktig når det gjeld jobb.

Hugselappen

  • Ein sjølvstendig næringsdrivande er ein som eig og driv si eiga bedrift.
  • Er du tilsett hos ein arbeidsgivar, er du arbeidstakar og får fast lønn for arbeidet du gjer.
  • Ein fagarbeidar er ein som har fagbrev eller yrkesutdanning frå vidaregåande skule.
  • Studerer du tre år etter vidaregåande, kan du få ein bachelorgrad.
  • Studerer du minst fem år etter vidaregåande, kan du få ein mastergrad.

Læringsressursar

Naturbruksyrke