Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. NaturbruksyrkeChevronRight
  5. Kva er du interessert i, og kva er du flink til?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva er du interessert i, og kva er du flink til?

For å kunne velje rett utdanning og yrke er det viktig å bli kjend med seg sjølv. Kva er du interessert i? Kva er du flink til? Her får du hjelp til å finne ut av dette.

Elev med datamaskin

Spør deg sjølv:

  • Kva er eg interessert i?
  • Korleis kan eg bruke interessene mine i jobbsamanheng?
  • Kva er eg flink til?

Dette er det lurt å tenkje gjennom før du vel yrke. Desse testane kan hjelpe deg til å reflektere over dette og systematisera tankane dine.

Interesser

  • Tenk gjennom kva som er hovudinteressene dine. Skriv ned nokre stikkord for deg sjølv.
  • Gjennomfør ein interessetest. Bruk gjerne desse to testane frå NAV og svar spontant på spørsmåla:

Interessetest 1 frå NAV og Interessetest 2 frå NAV

  1. Kva lærte du av å ta testane? Skriv ned fem–seks setningar.
  2. Lærte du noko nytt om deg sjølv? Kva lærte du?
  3. Var det noko som overraska deg?
  4. Var det noko av det som kom fram i testen, som stemte med det du eigentleg visste frå før?

Kva er eg flink til?

  • Jobb saman to og to.
  • Tenk gjennom kva du er flink til. Skriv ned minst tre stikkord.
  • Finn tre ting du meiner medeleven din er flink til. Fortel det til han/henne.
  • Gjennomfør denne testen:

Ferdigheitstest frå NAV

  • Tenk over resultatet du fekk. Gir dette deg ein pekepinn for kva du kan tenkje deg å jobbe med?

Læringsressursar

Naturbruksyrke

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter