Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. NaturbruksyrkeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Akvakultur – yrke og utdanning

Laks er den viktigaste arten i norsk oppdrettsnæring, men oppdrett av andre artar av fisk og skaldyr er aukande. På jobb i oppdrettsnæringa får du vera mykje ute, og du får jobba med levande organismar som skal verta mat på ein internasjonal marknad.

Vidaregåande opplæring

Etter Vg1 naturbruk kan du gå Vg2 akvakultur. Her får du opplæring i mange ulike arbeidsoppgåver knytte til stell av oppdrettsartar på ulike typar anlegg. Etter to år på skule kan du verta lærling i akvakulturfaget. Læretida er på to år, og opplæringa er i hovudsak praktisk. I læretida får du lønn.

Etter enda læretid går du opp til fagprøve. Når du har bestått prøva, får du fagbrev som fagoperatør i akvakultur.

Etter fagbrevet?

Med eit fagbrev i handa kan du også gå vidare til høgare utdanning. Du kan gå på fagskule, følgja Y-vegen inn i høgskulesystemet, eller skaffa deg generell studiekompetanse og søkja universitet og høgskule på vanleg måte. Praktisk erfaring og kunnskap frå skule og læretid gir eit godt grunnlag for studia.

Du kan for eksempel verta driftsleiar eller fiskehelsebiolog.

Læringsressursar

Naturbruksyrke