Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. Reiseliv, helse, omsorg og læringChevronRight
  5. Dagtilbod på gard for menneske med demensChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dagtilbod på gard for menneske med demens

Demens er ein sjukdom som rammar mange eldre. Dårlegare hukommelse og konsentrasjon følgjer med sjukdommen, og kvardagslege gjeremål vert vanskelegare. Det vert vanskelegare å kommunisera med andre menneske, og mange vert isolerte. Eit dagtilbod på ein gard kan gi demente personar meiningsfulle aktivitetar og sosialt samvær.

To menn i kano. Foto

Utfordringar som følgje av demens:

  • får dårleg hukommelse
  • får konsentrasjonsvanskar
  • vert lett irritert
  • snakkar ofte mindre enn før
  • vert isolert og får dårlegare sosialt nettverk
  • får problem med påkledning og vanlege oppgåver i heimen
  • får nedsett matlyst
  • får søvnproblem

På garden får den demente noko meiningsfullt å halda på med, i trygge omgivnader. For mange der det å fôra og stella dyr, arbeida med ved, stella i hagen og baka kjende aktivitetar. Dei får bruka kroppen sin i fysisk arbeid og skapa noko med hendene. Dei får ikkje minst vera saman med andre i same situasjonen. Fysisk aktivitet og gode måltid er bra for helsa.

Eksempel på aktivitetar:

Ute

Ku som slikker på hånd. Foto.
Kua slikkar salt. Garden byr på gode sanseopplevingar for både menneske og kyr.

:


  • sjå på, fôra og stella dyr
  • utføra enkle jobbar som å stabla ved, reparera gjerde og utføra anna vedlikehaldsarbeid
  • gå turar i nærområdet
  • tenna bål og eta ute
  • hausta frukt og grønsaker
  • plukka bær og sopp

Inne:

  • sylta og safta sjølvplukka bær
  • baka
  • strikka og veva
  • småsnekra
  • syngja og spela kort saman med andre

Det er viktig å ta hand om tryggleiken slik at både deltakarar og pårørande kan kjenna seg trygge. Oppgåvene må tilpassast den enkelte, og somme treng meir hjelp enn andre. Vêret og årstida påverkar også kva aktivitetar de kan driva på med.

Inn på tunet tilbyr fleksible løysingar med varierte dagar som samtidig er føreseielege. Gardane er ofte små og oversiktlege.

Erfaringar med Inn på tunet-aktivitetar for demente:

Pårørande og helsepersonell kan fortelja at brukarane ofte

  • får betre søvn
  • bruker mindre medikament
  • vandrar mindre
  • opplever glede og er meir tilfredse
  • tenkjer fleire positive tankar

Å få gjera noko av verdi gir alle ei oppleving av å vera til nytte. Slik er det også for menneske med demens.

Hugselappen

Demens er ein sjukdom som særleg rammar eldre menneske.

Mange demente kan ha stor glede av aktivitetstilbod på ein gard.

Omgivnadene må vera trygge, og tryggleiken teken hand om.

Tilbodet bør innehalda

  • kjende aktivitetar
  • fysiske aktivitetar
  • variasjon
  • praktiske gjeremål
  • kontakt med andre menneske, dyr og natur

Tilbodet vert forma i nært samarbeid mellom brukarar, pårørande og helsepersonell.

Trivsel, glede og positive opplevingar er målet.

Læringsressursar

Reiseliv, helse, omsorg og læring