Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. Reiseliv, helse, omsorg og læringChevronRight
  5. Ta imot besøk på skulenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Ta imot besøk på skulen

I dette arbeidsoppdraget i naturbasert aktivitet skal de invitera gjester til skulen, laga ein plan for besøket og sørgja for at gjestene får ein fin dag med deg og klassen din som vertskap. Dette oppdraget går over to økter eller dagar med tre veker mellom.

Jente som koser med en kanin. Foto.

Dette skal vi gjera på dag 1:

  1. Vi deler klassen inn i grupper. Kvar gruppe lagar ein plan for skulebesøk med aktivitetar for barnehagebarn, eldre frå ein sjukeheim, skulebarn osv. Planen skal innehalda:
    a. ei kort skildring av kva gjester de planlegg for
    b. kva som er føremålet med skulebesøket
    c. kva ressursar de planlegg å bruka
    d. tre ting de vil leggja vekt på for at gjestene skal kjenna seg velkomne og trivast
    e. tidsplan for besøket
    f. kva aktivitetar de planlegg å gjennomføra
    g. kven av dykk som skal gjera kva
    h. ein «Plan B» dersom nokon i gruppa di ikkje kjem
    i. kva de vil vera særleg merksame på for å ta vare på tryggleiken for menneske og dyr
    j. ein plan for førebuingane de skal gjera på besøksdagen
    k. eit enkelt budsjett for kostnader og eventuelle inntekter
  2. Skriv invitasjonen. Han skal innehalda alle nødvendige opplysningar og vera lettleste og tiltalande. Lever både invitasjonen og planen til læraren. Læraren godkjenner planen og sender ut invitasjonen.
  3. Avklar med skulen kva ressursar de kan få bruka.
  4. Avklar eventuell betaling med gruppene som kjem.
  5. Avklar om det er greitt at de tek bilete til å bruka i rapportane.

Dette skal vi gjera på dag 2:

  1. Møt på skulen to timar før gjestene kjem.
  2. Kvar gruppe går gjennom planen sin frå sist og sjekkar at alt er på plass.
  3. Repeter arbeidsfordelinga i gruppa. Veit alle kva oppgåver dei har?
  4. Ta imot gjestene.
  5. Gjennomfør besøket med planlagde aktivitetar.
  6. Rydd opp.
  7. Skriv ein kort, individuell rapport frå besøket. Rapporten skal innehalda:
    a. kven som kom på besøk, kva aktivitetar de gjennomførte, og kor lang tid det tok
    b. korleis du synest aktivitetane de la opp til, passa for gruppa som kom
    c. kva som gjekk som venta, og kva de måtte forandra på undervegs
    d. korleis du synest gruppa samarbeidde om førebuingane
    e. korleis du synest gruppa samarbeidde om gjennomføringa
    f. kva de la vekt på for å vera eit godt vertskap
    g. om de opplevde noko som kunne vera farleg for menneske eller dyr, og kva de eventuelt gjorde for å hindra at det oppstod skade
    h. minst tre ting du synest fungerte godt når de planla og gjennomførte denne aktiviteten
    i. ein–to ting du vil gjera på ein annan måte neste gong
    j. minst tre bilete med ein kort tekst som viser aktivitetane de gjennomførte

Etter denne økta kan du:

  • laga ein plan for eit skulebesøk med barnehagebarn
  • finna fram til aktivitetar som passar for gruppa som kjem
  • laga ein realistisk tidsplan for eit skulebesøk
  • laga ei oversikt over kva ressursar de vil bruka
  • nemna tre ting som er viktige for å vera eit godt vertskap
  • nemna ein–to ting de må passa på for å unngå at nokon skader seg under skulebesøket
  • skriva ein invitasjon som inneheld nødvendig informasjon
  • setja opp eit enkelt budsjett
  • gjera ei enkel vurdering av kva som fungerte bra, og kva de eventuelt vil forbetra til ein annan gong

Vurdering:

Last ned: Ta imot besøk på skolen. Egenvurderingsskjema.

Filer

Læraren og klassen avtaler eventuell vurdering med karakter.

Læringsressursar

Reiseliv, helse, omsorg og læring