Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. Berekraftig naturbrukChevronRight
  5. FritidsfiskeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Fritidsfiske i sjøen

I dette arbeidsoppdraget i naturbasert aktivitet lærer du å bruka nokre vanlege fiskereiskapar for sjøfiske, du lærer namna på nokre vanlege fiskeartar og korleis du kan ta vare på fangsten. Vidare lærer du om trygg bruk av båt og før øving i det.

Elevar med fisk. Foto.

Dette skal vi gjera:

Før lunsj:

  • Vi fordeler oss på to båtar med fire i kvar båt.
  • Gruppene passar på at alle får prøva på alle arbeidsoppgåvene, de hjelper kvarandre eller spør læraren dersom de treng hjelp.
  • Kvar gruppe må ta med nødvendig personleg utstyr, flyndregarn og kveitevad, og gjera båten sjøklar.
  • Gruppene skal diskutera og bestemma kvar de vil setja fiskereiskapen for å få fisk.
  • Bruk påhengsmotoren til å koma til rett stad. Set flyndregarn og kveitevad.
  • Sørg for at alle i gruppa får prøva å fiska med stong og handsnøre frå båten.
  • Vi møtest på land, der vi går gjennom punkta 1–8 over og et lunsj.

Etter lunsj:

  • Trekk flyndregarn, ruse og kveitevad.
  • Finn ut av kva fiskearter vi har fanga
  • Ta eventuelt bilete av dei ulike fiskeartane slik at dei vert lettare å læra.
  • Ta vare på fangsten.
  • Rydd, vask og fortøy båten.
  • Før vi går heim, møtest vi på kaia, oppsummerer det vi har gjort i dag, svarer på spørsmål og gjennomfører eigenvurdering.

Etter denne økta kan du:

  • gjera greie for krava til tryggleiksutstyr i småbåt og sjekka om det er på plass
  • gjera båten sjøklar (ta tryggleikssjekk, sjekka drivstoff, lensa båten, lasta båten forsvarleg)
  • fylla på rett type drivstoff og starta påhengsmotoren
  • føra båt med påhengsmotor trygt, også ved setting og haling av utstyr, og når eg legg til kai
  • forklara kva som kjenneteiknar eit flyndregarn, og kva vi bruker det til
  • forklara kva som kjenneteiknar ein kveitevad, og kva vi bruker han til
  • forklara kva som kjenneteiknar ei (torske-)ruse, og kva vi bruker ho til
  • setja eit flyndregarn og ei torskeruse, og diskutera alternative fiskeplassar for dette utstyret
  • dra opp ruse, tøme og reinsa ho slik at ho er klar til å setjast ut på nytt
  • eventuelt trekkja flyndregarn og reinsa det
  • trekkja kveitevad og ta vare på fangsten, reinsa anglane for agn og kveila opp kveitevad på nytt
  • forklara kva artar klassen fanga i dag, og kva dei kan brukast til
  • føra båten på ein måte som tek omsyn til straum og vind, vêr, botnforhold og tidevatn
  • tilpassa påkledninga etter vêr og aktivitet
  • bruka handsnøre og fiskestong med sluk
  • ta vare på fangsten (bløgga, sløya, vaska, har eventuelt øvd på å filetera)
  • rydda og vaska båten når turen er over
  • fortøya båten på ein forsvarleg måte

Vurdering:

Last ned: Fritidsfiske i sjøen. Egenvurderingsskjema.

Filer

Læraren og klassen avtalar eventuell vurdering med karakter.

Læringsressursar

Fritidsfiske

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter