Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. Berekraftig naturbrukChevronRight
  5. Jakt og fangstChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forvaltinga av norsk natur og norske artar

I Noreg har vi mange dyreartar som er jaktbare. Til jaktbare artar reknar vi alle artar som har ei fastsett jakttid.

Rypejakt

Kva artar dette gjeld, står skrive i forskrift om jakt- og fangsttider. Artane som ikkje er nemnde i denne forskrifta, er det ikkje tillate å jakta på. Alle dyr- og planteartar i Noreg vert forvalta av ei rekkje lover og forskrifter.

Dei viktigaste lovene er:

Forvaltningsorgan

Miljødirektoratet har saman med Klima- og miljødepartementet det overordna ansvaret for å ta hand om og utforme regelverket for forvaltinga av fisk, viltressursar og utøvinga av jakt, fiske og fangst her i landet. Det er dei som har skrive lovene og forskriftene som jegerar og naturbrukarar må følgja når dei jaktar og haustar av naturen.

Kommunane kan regulera jakttida på mange artar dersom dei meiner det er riktig, for å forvalta den aktuelle arten på best mogleg måte. For eksempel kan det nokre gonger vera nødvendig å korta ned jakttida for nokre artar i ein kommune dersom den aktuelle arten er sårbar eller utsett på nokon måte. Kommunen kan også stoppa jakta på den aktuelle arten – og i nokre tilfelle også forlengja jakta på ein art.

Rovdyr

I tillegg til at vi har mange jaktbare artar, har vi også nokre artar som det i utgangspunktet ikkje er tillate å jakta på. Dette gjeld for eksempel rovviltet i Noreg, og forbodet omfattar brunbjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn. Stortinget har bestemt at vi skal ha bestandar av desse artane i Noreg. Det er fastsett nasjonale mål for talet på årlege ynglingar, altså for kor mange ungekull kvar art kan ha kvart år. Desse bestandsmåla er 65 ungekull av gaupe, 39 ungekull av jerv, 13 ungekull av brunbjørn, tre ungekull av ulv og 850–1200 hekkande par av kongeørn. Miljødirektoratet har ei sentral rolle innanfor rovviltforvaltinga.

Miljødirektoratet har ansvar for rovviltforvaltinga på nasjonalt nivå. Det skal blant anna behandle saker etter naturmangfaldlova og viltlova, overvaka forvaltinga og henta inn kunnskap om rovvilt gjennom forskingsprosjekt det finansierer. Rammene for forvaltinga av rovvilt i Noreg vert sett gjennom stortingsmeldingar. Noreg har også forpliktingar gjennom internasjonale miljøavtalar og konvensjonar. Bernkonvensjonen er den mest sentrale for norsk rovviltforvalting.

Rovviltforvaltinga er inndelt i regionar i landet, og kvar region har utnemnt ei nemnd som står for rovviltforvaltinga i regionen sin. Fylkesmannen i kvart fylke skal vera rådgivande for nemndene, i tillegg til at fylkesmannen har eit eige forvaltingsansvar overfor rovviltet.

Lisensfelling og kvotejakt

I utgangspunktet er brunbjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn freda, men i nokre tilfelle er det aktuelt å ta ut individ i bestanden til nokre av rovdyrartane, for eksempel dersom det er fleire individ i ein bestand enn regjeringa har bestemt. Desse kan takast ut gjennom for eksempel lisensfelling. Lisensfelling er ei skademotivert felling, der eit bestemt tal individ av ein viltart kan fellast med heimel i naturmangfaldlova. Du må vera registrert som lisensjeger i Jegerregisteret for å delta i lisensfellinga. Det er lisensfelling på bjørn, ulv, gaupe og jerv. Ein annan metode er kvotejakt. Kvotejakt er ei ordinær jakt på eit bestemt tal individ av ein viltart med heimel i naturmangfaldlova, og det er offentlege styresmakter som fastset kvota. Gaupe er den einaste av rovviltartane det er opna for kvotejakt på. Ein tredje metode er skadefelling. Skadefelling er skademotivert felling av enkeltindivid av gaupe, jerv, bjørn eller ulv for å stansa eller forhindra skadar på bufe eller tamrein med heimel i naturmangfaldlova § 18, punkt b. Det er Statens naturoppsyn (SNO) som har ansvaret for dette.

Statens naturoppsyn

Arbeidsoppgåvene til SNO er i tillegg å sørgja for å gi informasjon og rettleiing til alle som bruker naturen, og å passa på at reglane i miljølovene vert følgde. Typiske arbeidsoppgåver for SNO er vilt- og fiskeoppsyn og kontroll med kulturminne, forureining og motorferdsel i utmark.

Etiske dilemma

I Noreg er det lange tradisjonar med å bruka utmark som beite for husdyr, for eksempel tamrein, sau, geit og storfe (ofte kviger eller kyr med kalv). Rovviltet i Noreg og husdyra bruker somme stader den same utmarka, og dermed er det kvart år tilfelle der rovvilt har angripe og kanskje ete husdyr. Dette er ei stor utfordring for bøndene som eig husdyra, og for forvaltningsorgana som skal forvalta den norske rovviltbestanden.

I slike tilfelle står ein ofte overfor vanskelege etiske dilemma. På den eine sida er det belastande kjenslemessig og økonomisk for bonden som mistar husdyra sine til rovdyr, og på den andre sida gjer ikkje rovdyra noko anna enn det som er naturleg for dei – å ta byttedyr, anten det er husdyr eller ville dyr, som føde. Ein ønskjer ikkje at bonden skal ha økonomiske tap, eller at husdyra skal lida, men den norske regjeringa har bestemt, gjennom norsk lovverk og internasjonale avtalar, at vi skal ha rovvilt i norsk natur.

Eit anna etisk dilemma vi står overfor i dette tilfellet, er kva rett vi menneske har til å hindra at rovdyra har sin plass i norsk natur, ved å bestemma at rovdyra skal leva innanfor område vi menneske har definert? Og kva rett har vi menneske til å hindra dei i si naturlege åtferd – i å ta tilgjengelege byttedyr?

Norske styresmakter står overfor store utfordringar og har mange etiske dilemma å ta omsyn til når dei skal forvalta rovviltet i Noreg. Styresmaktene har bestemt at det ikkje skal vera for mykje rovvilt i dette landet, for utfordringane med rovvilt kan vera store, sidan naturen og utmarka er viktige også for menneske og husdyr. Styresmaktene har løyst dette ved å fastsetja nasjonale mål for talet på årlege ynglingar, altså talet på ungekull for kvar art kvart år. Ei anna løysing er å avgrensa områda i utmarka der rovviltet kan yngla. Dersom dei ynglar utanfor dette området, vert rovviltet avliva. Dette gjeld for eksempel ulv. Men vi kan ikkje hindra at rovviltet går utanfor det avgrensa området som styresmaktene har fastsett.

Rovdata

Noreg gjennomfører eit nasjonalt overvakingsprogram (Rovdata) for å ha kontroll over rovviltbestandane. Slik kan styresmaktene få ei oversikt over kvar i landet rovviltet er, og kor mange dei er, og det gjer det lettare å forvalta rovviltet etter norsk lov og internasjonale avtalar.

Læringsressursar

Jakt og fangst

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter