1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. Berekraftig naturbrukChevronRight
  5. Jakt og fangstChevronRight
  6. Utsetjing og røkting av minkfellerChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Utsetjing og røkting av minkfeller

I dette arbeidsoppdraget i naturbasert aktivitet skal du læra å føra båt på ein trygg måte, bruka handhalden GPS, plassera ut minkfeller, markera fellene og å ta vare på fangsten.

Mink spiser fisk. Foto.

Dette skal vi gjera:

  1. Vi fordeler oss på to båtar med fire i kvar båt. Gruppene må passa på at alle får prøva
 på alle arbeidsoppgåvene og hjelpa kvarandre eller spørja læraren dersom de treng hjelp.
  2. Kvar gruppe tek med nødvendig personleg utstyr, minkfelle og GPS, og gjer båten sjøklar.
  3. Alle køyrer med båt til første stad for utsetjing av felle (læraren bestemmer stad).
  4. Vi diskuterer kvifor det kan vera aktuelt å fanga mink.
  5. Vi set ut den første fella, går gjennom kva som kjenneteiknar ein god stad for å setja ut minkfelle, og grunngir kvifor vi set fella vår akkurat her.
  6. Læraren går gjennom korleis vi skal bruka GPS til å markera kvar fella er sett.
  7. Kvar gruppe finn ein god stad for å setja ut fella si, set ut fella og markerer kvar fella er sett ved hjelp av den handhaldne GPS-en.
  8. Læraren gir opp koordinatane for fellene som er sette ut på førehand. Gruppene bruker GPS til å finna den første fella.
  9. Alle samlar seg ved fellene og sjekkar fangsten.
  10. Vi hentar fangsten ut av fellene, måler, veg og kjønnsbestemmer minken som er fanga.
  11. For kvar felle skal du laga ein tabell som skildrar kvar fella er sett, koordinatar som viser plassering av fella, og dato, mål, vekt og kjønn på kvart dyr. Fangsten pakkar du i plast. Læraren frys ned fangsten.
  12. Vi går til kai, ryddar, vaskar og fortøyer båtane.
  13. Før vi går heim, møtest vi på kaia og gjennomfører eigenvurdering.
 Eigenvurderinga og oversiktene over fangsten leverer de til læraren.

Etter denne økta kan du:

  • å gjera båten sjøklar (ta tryggleikssjekk, sjekka drivstoff, lensa båten, lasta båten forsvarleg)
  • gjera greie for krava til tryggleiksutstyr i småbåt og sjekka om det er på plass
  • å fylla rett type drivstoff og starta påhengsmotoren
  • å føra båt med påhengsmotor trygt og ta omsyn til straumar og vind, vêr, botnforhold og tidevatn
  • å føra båten trygt når du legg til kai og set i land folk
  • å velja gode stader for å plassera ut feller, og forklara kvifor du vil plassera fellene akkurat her
  • forklara korleis fellene skal setjast ut for å vera sikker på fangst
  • forklara kvifor vi driv med fangst av mink
  • demonstrera og forklara korleis du bruker handhalden GPS når du markerer dei utplasserte fellene
  • tilpassa påkledninga etter vêr og aktivitet
  • forklara korleis minkfella verkar, og korleis minken vert avliva
  • å ta vare på fangsten (ta mål og vekt av minken, kjønnsbestemma, eventuelt frysa fangsten ned for behandling seinare)
  • å rydda og vaska båten når turen er over
  • å fortøya båten forsvarleg

Vurdering:

Last ned eigenvurderingsskjema: Eigenvurdering: Utsetjing og røkting av minkfeller

Filer

Læraren og klassen avtalar korleis arbeidet skal vurderast.

Læringsressursar

Jakt og fangst

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter