Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. NaturgrunnlagetChevronRight
  4. Berekraftig naturbrukChevronRight
  5. NaturgrunnlagetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Naturgrunnlaget

Naturbruk handlar om å drive næring basert på naturressursar. På Vg1 naturbruk lærer du om tradisjonelle og nye driftsformer innanfor norske og samiske næringar. Naturen er grunnlaget for matproduksjon, hausting av ulike råvarer – og for aktivitet og opplevingar med dyr og natur.

Oppgåver til filmen om naturgrunnlaget

Omgrep frå filmen – finn definisjonar av desse:

  • naturgrunnlaget
  • naturmangfald
  • naturtype
  • verdiskaping
  • naturressurs
  • berekraftig

Diskuter i klassen:

  1. Kva er natur?
  2. Finn døme på korleis vi menneske er avhengige av naturen.
  3. Forklar kvifor vi har stort naturmangfald i Noreg.
  4. Kva er grunnen til at vi kartlegg naturen?
  5. Kva vil det seie å forvalte naturen?
  6. I filmen ser vi eit døme på ein ny måte å ta i bruk naturressursar på. Tømmer blir laga om til grisefôr. Kjenne de til andre døme på nye, naturbaserte produkt eller tenester?
  7. Finn døme på berekraftig naturbruk.
  8. Kjenner de til døme på bruk av natur som ikkje er berekraftig?

Læringsressursar

Berekraftig naturbruk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter