Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. NaturgrunnlagetChevronRight
  4. Berekraftig naturbrukChevronRight
  5. Undersøk naturbruksnæringane i nærområdet dittChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Undersøk naturbruksnæringane i nærområdet ditt

Naturbruk handlar om å drive næring basert på naturressursar. Gjennom denne oppgåva skal du bli betre kjend med naturbruksnæringane i nærområdet ditt.

Kvinne som ser gjennom forstørringsglas. Foto.
Kva finn du ut om naturbruksnæringane?

Ta utgangspunkt i heimkommunen din eller kommunen der skulen ligg. Du kan òg velje å ta utgangspunkt i regionen rundt denne kommunen.

For å svare på oppgåvene kan du

  • bruke kunnskap du har om området
  • snakke med representantar for næringane i naturbruksfordjupinga di
  • ta kontakt med administrasjonen hos Fylkesmannen eller i kommunen
  • bruke statistikk og andre kjelder på nett (sjå lenkjer nedst på sida)

Finn ut:

  1. Kva naturbruksnæringar er det i området?
  2. Kva råvarer og produkt av og for plantar og dyr blir hausta, produserte eller selde i området?
  3. Kva blir vidareforedla i området?
  4. Bruk statistikk og sjå om det finst tal for kor mange som er sysselsette innan næringane i naturbruksfordjupinga di. Sjå om du finn tal for andre naturbruksnæringar i området òg.
  5. Bruk statistikk og sjå det om det finst tal for kor mykje råvarer og produkt som blir produserte eller selde.
  6. Gi døme på naturbasert tjenesteyting i naturbruksfordjupinga di.
  7. Blir det drive med dei same næringane no som for ein del år sidan? Er det noko som vart produsert av varer eller tenester før, som ikkje blir produsert lenger? Er det noko nytt som har kome til?
  8. Viss du skal spå om framtida: Kva produkt/tenester trur du vil bli tilbode framover med utgangspunkt i lokale ressursar, marknad og behov?

Læringsressursar

Berekraftig naturbruk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter