Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. Berekraftig naturbrukChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Myr er meir enn mygg og molter

Myr betyr søkkvåte sokkar, store omvegar og fleirfaldige myggstikk. Men myrane er også blant dei viktigaste naturressursane vi har.


Myrane våre slit med eit imageproblem. Hamnar vi i ei, vil vi som regel sporenstreks forsøkje å finne tilbake til den fjørande skogsstien vi var så tankelause å forlate. Og i filmverda og fablane vert myra skildra som direkte livsfarleg. Den som er så uheldig å tråkke uti, vert gjerne sogen sakte ned av nådelause underjordiske krefter. Sjølv i språket vårt får myrane lita ære. «Hengemyr» er for eksempel vorte eit negativt omgrep brukt til å karakterisere ein pinefull stillstand. Nokre vil truleg hevde at det einaste forsonande trekket til myrane er at dei frå tid til anna byr på molter.

Men sanninga er at myrane våre er mangfaldige økosystem som bognar av planter, dyr og organismar. I tillegg er dei viktige som flaumdemping, fordi dei klarer å suge til seg enorme vassmengder. Og kanskje viktigast av alt: Dei har ei suveren evne til å samle opp karbon.

– Mykje av Nord-Europa har vore myr. Etter kvart som menneska migrerte nordover, vart stadig større myrområde omdanna til jordbruksareal, forklarer Pål Martin Eid, seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn, medan han fører oss inn på det som er igjen av myra i Aurstadmåsan naturreservat i Akershus. Noreg har større variasjon av våtmarker enn noko anna land i Europa. Men dei er trua. Medan myrane tidlegare utgjorde nærmare 30 000 kvadratkilometer, finst det no cirka 18 000 kvadratkilometer igjen rundt om i landet. Det er i låglandet myrane i størst grad har forsvunne.


Grøfting øydelegg

Myra vi besøkjer, har for lengst byrja tørke ut. Furutre stikk opp frå torva der det tidlegare berre var småvekstar, torv og masse, masse vatn.

– Her ser du problemet, seier Eid og peiker på det som liknar ein liten bekk som skjer tvers gjennom myra i ei rett linje: ei grøft, truleg graven ut i 1930-åra. Han viser oss korleis grøfta fører til fleire mindre grøfter som til saman dannar eit nettverk gjennom heile området og tappar våtmarka for vatn.

Antakeleg har lokale bønder grøfta for å tørke ut myra med tanke på enten skogsdrift eller auka jordbruksareal.

– Det var jo ein heilt naturleg ting for dei å gjere, fordi dei ikkje hadde kunnskap om kor viktig myrane er for miljøet, forklarer Eid, som skal vere med på eit pilotprosjekt for å restaurere nettopp Aurstadmåsan.

Ved å demme opp grøftene og hogge mange av trea, vil vasstanden innan kort tid stige dramatisk og myra forhåpentlegvis verte eit fungerande økosystem der froskane sprett og moltene gror, og som trekkfuglane oppsøkjer som hekke- og rasteplass.

Skadelege klimautslepp

Myrane byr på ein artsrikdom så variert at dei vert kalla for biblioteket til naturen. Men trass i den verdien myra har for økobalansen – og ikkje minst som flaumvern – er det knapt nokon naturtype som har vore meir utsett for inngrep frå menneska.

– Det kan ta nokre tusen år for naturen å lage ei svær myr, medan vi kan øydeleggje henne på kort tid, forklarer Christian Steel, generalsekretær i SABIMA (Samarbeidsrådet for biologisk mangfald).

Problemet er ikkje berre øydelegging av myr og artsmangfaldet i henne. Torv fungerer nemleg som ein svært effektiv CO2-fangar. Myrane vert over tid enorme karbonlager, ved at lag etter lag med torv vert pressa stadig lenger ned i leirbotnen. Og når myra vert graven opp, vert etter kvart dette karbonet sleppt ut i atmosfæren igjen.

– Grev vi opp ei myr på drygt éin kvadratkilometer ned til to meters djupn, svarer dette til utslepp frå cirka 100 000 bilar over eitt år. Dette skjer utan at det inngår i noko klimarekneskap. Så vi hamnar i ein absurd situasjon der somme avgiftsfritt kan grave opp éi myr, medan styresmaktene bruker store ressursar på å restaurere myra ved sida av, seier Steel.

Og det er ikkje småsummar ein her snakkar om. Klimaavgiftene på det nemnde eksempelet med 100 000 bilar ville utgjort om lag 100 millionar kroner.


Miljøfiendtleg matjord

Øydelegginga av myr har i Noreg tradisjonelt handla om utviding av jordbruksområde og nedbygging i samband med veg- og byggjeprosjekt, men også om at vi skal ha såkalla «plantejord» til gartneri og til hagane våre. Dette produktet består nesten berre av torv frå myrar.

– Hagesenter sel dette i stor skala, fordi det er billig å vinne ut. Eg trur ikkje hageeigarar er klar over kva dei eigentleg kjøper, for det verkar usannsynleg at nokon vil ønskje å pleie nærkontakt med naturen på eigen eigedom, men ikkje bry seg om konsekvensane for naturen utanfor gjerdet, seier Steel.

Grønt AS, som driv produksjon av torvstrø, hevdar at vi i dag ikkje har fullgode alternativ til torv.

– Vi jobbar stadig med å finne alternativ, men særleg når det gjeld proffmarknaden er vi avhengige av torv fordi det ganske enkelt er det som fungerer best. Det handlar om kvaliteten på maten vi produserer, seier forretningsutviklar i Grønt AS, Gro Tvedt Andersen.

– Drenering og nedbygging av myr er eit så alvorleg inngrep i naturen at vi meiner det bør ta slutt straks, og så får vi heller satse hardt på å utvikle dei alternativa som finst. Kompost er eit slikt alternativ, meiner leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken. SABIMA er einig, og legg til at det trengst både auka medvit rundt den verdien myra har for miljøet i tillegg til ein politisk vilje til å setje ned foten overfor dei som har økonomiske interesser knytt til utvinning.

– Myrane er eit ypparleg døme på at det desidert billigaste for samfunnet er å berre la dei vere i fred. Det kostar faktisk ingenting, seier Christian Steel.

Artskunnskap og systematikk på næringsfattig myr

3 – 2 –1

Vurder deg sjølv!

3: Skriv ned tre moment som du har lært i denne teksten. Snakk med ein medelev!

2: Trekk fram to moment som du synest var vanskelege å forstå og del dei med ein medelev. Spør medeleven om ho eller han kan hjelpe deg. Reflekter!

1: Skriv ned eitt moment som du ønskjer å lære meir om. Tenk over kvar og korleis du kan lære meir om dette.

Læringsressursar

Berekraftig naturbruk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dyrevelferd

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Den grøne Ø-en

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff