Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. Berekraftig naturbrukChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Økologisk mat

Økologisk mat blir produsert på naturen sine premiss, og på ein måte som i størst mogleg grad tek omsyn til den naturlege åtferda og behova til dyra. I Noreg er det organisasjonen Debio som kontrollerer at alle produkt som er Ø-merkte er produserte i samsvar med regelverket for økologisk produksjon.

Kva er økologisk mat?

Økologisk mat kjem frå moderne produksjonsbedrifter, både landbruk og fiskeri, som produserer ut frå eit heilskapsperspektiv om å tryggje jorda si sunnheit ved å fremje balanse, mangfald og artsrikdom i naturen.

Dyr i økologisk produksjon får utfalde seg i samsvar med sin natur og eigenart. Dei får moglegheit til å opphalde seg utandørs, og dei får fôr som er økologisk.

I økologisk planteproduksjon blir næringsstoffa tilført gjennom organisk gjødsel anten i form av husdyrgjødsel eller gjennom grøngjødsel og kompost. Kløver er ein viktig del av planteproduksjonen i økologisk landbruk.

Økologisk mat blir produsert med berre naturlege tilsetjingsstoff, og der fleire ingrediensar inngår i eit produkt, skal alle vere økologiske. Held du deg til økologisk mat, veit du kva du et.

Økologisk produksjon?

Økologisk produksjon byggjer på eit idégrunnlag, ei samla forståing av forholdet mellom menneske og natur, og av samspelet i naturen. Målet er ei berekraftig forvalting av ressursar. Vi er avhengig av eit samspel mellom menneske, dyr, jord og planter som saman utgjer lekk i ei kjede.

Dersom ein lekk blir forvalta utan at det blir teke omsyn til heilskapen, vil dette på sikt få negative følgjer for alle lekkar, også for mennesket. Fôr, kompost og gjødsel skal vere framstilte på ein måte som stør opp under naturen sine eigne prosessar, og skal brukast mest mogleg lokalt.

Viktige mål for økologisk produksjon:

  • produsere matvarer med høg kvalitet, i tilstrekkelege mengder og rettferdig fordelt
  • forvalte naturressursane slik at skadelege verknader på miljøet blir unngått
  • sikre genetisk mangfald, artsrikdom og resirkulering av næringsstoff
  • skape eit miljø som tek omsyn til den naturlege åtferda og behova til husdyra

Produksjon og foredling

Økologisk mat skal bli produsert med minimal bruk av tilsetjingsstoff. Det er ikkje tillate å bruke genmodifiserte organismar eller produkt, kunstgjødsel eller kjemiske/syntetiske plantevernmiddel. Det er heller ikkje tillate å setje til kunstige fargestoff.

Miljø og samfunn

Ved produksjon av økologisk mat søkjer ein å unngå skader på og øydelegging av naturmiljøet og det biologiske mangfaldet.

Dyrevelferd

Kunnskap og respekt for dyr sin eigenart er eit svært viktig grunnlag for økologisk husdyrhald. Dyra skal kunne utfalde seg i samsvar med sin natur og eigenart. Økologisk husdyrhald er difor basert på reglar som skal sikre at alle dyr skal kunne bevege seg – også utanom beitesesong. For opphald innandørs blir det stilt minstekrav til plass og dagslys. Høner og anna fjørfe får følgje sin naturlege døgnrytme og eit naturleg veksttempo, og skal ha tilgang til uteareal året rundt. Dyra får økologisk fôr.

Krav til godkjenning av økologisk mat

Ø-merket er eit godkjenningsmerke. Mattilsynet har tilsynsansvar for økologisk produksjon, foredling og sal av økologisk mat. Men Mattilsynet har inngått avtale med Debio om gjennomføring av sjølve den praktiske kontrollen ute på gardsbruk og i bedrifter. Debio rapporterer til Mattilsynet om resultata av kontrollen.

Ei Ø-merka vare tyder at denne er produsert i samsvar med eit nasjonalt regelverk forankra i EU sine forordningar for økologisk produksjon. Debio eig og forvaltar Ø-merket og gir løyve og retningsliner for merking.

Alle gardsbruk, anlegg, bedrifter og andre verksemder, som har vore involverte i produksjonsprosessen og som omset varene, har blitt kontrollerte og godkjende av Debio. Dette skjer ved årlege fysiske inspeksjonar og umelde besøk.

Debio kontrollerer at utanlandske varer som blir selde som økologiske, er produserte og behandla etter tilsvarande krav som gjeld for norsk økologisk produksjon, foredling og omsetning.

Økologisk matvareutval

Økologisk mat som blir seld i butikken, skal vere merkt med ein Ø. I norske butikkar finst økologiske varer av mange forskjellige slag. Grønsaker som poteter, tomatar, gulrøter, selleri, raudbeter, lauk, kvitlauk og purre; enkelte kjøtvarer som spekepølse; egg; meieriprodukt som mjølk, fløyte og ost; ulike sortar mjøl og mjølprodukt som brød og frukostblandingar; andre tørrvarer som spagetti og makaroni; kolonialvarer som kaffi og te ... utvalet veks heile tida.

Ville bær og skogssopp, viltveksande urter, villfisk og ville dyr og fuglar har også levd eit økologisk liv før dei hamnar i kjøkenet ditt – anten fordi du sjølv har vore ute på plukking eller fangst, eller fordi du har kjøpt slike varer i butikken.

Fair Trade – miljøvennleg og rettferdig!

Læringsressursar

Berekraftig naturbruk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dyrevelferd

  • SubjectMaterialFagstoff

    Myr er meir enn mygg og molter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Den grøne Ø-en

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff