1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. FriluftsaktivitetarChevronRight
  6. Todagars haustturChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Todagars hausttur

Denne turen er starten på faget naturbasert aktivitet. Vi tek utgangspunkt i formålet med faget, slik det er skildra i læreplanen: «[…] kunne orientere seg i naturen, beskrive naturtype, gjenkjenne typiske arter, beskrive landskapsutforming og klima og forholde seg til dette i utøvelsen av yrkesrelevante aktiviteter. Programfaget skal dyktiggjøre eleven til seinere å kunne utvikle næringsvirksomhet og entreprenørskap.»

Ungdom på dagstur i fjellet. Foto

Dette skal vi gjera:

  • Vi skal vera to dagar på fjellet.
  • Vi skal gjera ulike aktivitetar, gå dagsturar og overnatte på hytte.
  • Vi skal jobba saman to og to om å løysa oppgåver. Læraren deler elevane inn i grupper, der medlemmene i kvar gruppe hjelper kvarandre, oppmuntrar, støttar og ventar på kvarandre når vi er på tur.

Vi skal

  • læra å bruka kart og kompass
  • verta kjende med naturtypen vi er i, og kva området vert brukt til
  • læra om vêrtypar og påkledning
  • læra om allemannsretten
  • verta kjende med klassen og jobba bevisst for skapa best mogleg samarbeid og gode turopplevingar

Den første dagen:

  1. Vi reiser opp til hytta, får ein stad å sova og pakkar om til dagstursekk.
  2. Vi et nista vår før klassen vert delt inn i grupper.
  3. Læraren forklarer formålet med turen, presenterer programmet for turen og informerer om praktiske reglar for bruken av hytta.
  4. Vi tenkjer høgt saman om det kvar og ein av oss kan gjera for at det skal verta ein hyggeleg og lærerik tur for alle.
  5. Læraren snakkar kort om allemannsretten, området vi er i, og om plante- og dyrelivet rundt hytta, og forklarer korleis vi bruker kart og kompass.
  6. Gruppene får utdelt kart, kompass og flora, og vi går ut.
  7. To og to går saman og løyser oppgåvene om området, plantene, dyra, kart og kompass og allemannsretten (sjå nedanfor). Vi er ute, men held oss i nærleiken av kvarandre, slik at læraren kan hjelpa til når vi lurer på noko.
  8. Vi et niste nr. 2 og går gjennom oppgåvene i plenum.
  9. Om kvelden: felles matlaging og verta-kjende-leikar.

Dag nummer to:

  1. Vi lagar frukost saman og ryddar hytta.
  2. Kva lærte vi i går? Repetisjon!
  3. Vi løyser oppgåvene om vêr og påkledning. Deretter går vi på dagstur.
  4. I dag fokuserer vi særleg på å følgja med på kartet medan vi går tur, finna ein gangfart som passar for alle, ein god stad å rasta og ei påkledning som kjennest behageleg.
  5. I klassen er vi ulike med tanke på fysisk form, erfaring med å gå på tur, skotøy, klede og utstyr. Korleis kan vi passa på at alle får ein fin tur med utfordringar som passar for sitt nivå?
  6. Vi et niste og summerer opp dagen før vi går tilbake til hytta og reiser heim.

Etter denne todagarsturen kan du svara på desse oppgåvene:

Om området du er i:

  • Kor høgt over havet ligg området du er på tur i? (Oppgi ca. lågaste og høgaste punkt.)
  • Ligg denne staden ved kysten eller inne i landet?
  • Kva fylke er du i no?
  • Kva heiter dalføret du har reist gjennom for å koma opp til denne hytta?
  • Naturen har verdi i seg sjølv, og vi menneske bruker naturen på ulike måtar. Kva vert området rundt deg brukt til av menneske gjennom året?

Om planter:

  • Kva treslag finn du rundt hytta?
  • Dersom du hadde planta eit appelsintre ved denne hytta, ville det veksa opp og bera appelsinar? Kvifor? Kvifor ikkje?
  • Bruk telefonen eller eit kamera til å ta minst to foto av kvar tretype/plantetype (vis tydeleg både blad og veksemåte): bjørk, gran, furu, einer, rogn, dvergbjørk, vier.
  • Kva typar bær finn du i området? Ta foto av blåbærlyng, molteblad, tyttebærlyng.
  • Bestem to grasartar i området og ta foto av dei.
  • Kva planteslag i dette området er viktige som beiteplanter for sau?
  • Ta foto av ei myr. Kva er ei myr? Kvifor vert det danna myrar?

Om dyr:

  • Kva ville dyr trur du lever i dette området?
  • Kvifor er det sannsynleg at du vil møta på ein tiger på turen i dag?
  • Kan du sjå spor etter husdyr i området? Kva spor – frå kva dyr?

Om kart og kompass:

  • Kvar er nord i forhold til der du er akkurat no?
  • Kvar er nord på kartet?
  • Kva fortel målestokken på eit kart oss?
  • Kva er målestokken på kartet du bruker i dag?
  • Bruk kartet til å planleggja ein totimars tur. Gå ut frå at du kjem til å gå med ein fart på tre kilometer i timen (som er ganske vanleg fart når vi går i terrenget)
  • Ein venn spør dykk kvar han skal gå dersom han vil gå ein dagstur på fire–sju timar med utgangspunkt i hytta de er på, og der eit av formåla med turen er å koma opp på ei høgde eller ein topp og få god utsikt. Bruk kartet til å finna fram til eit godt turforslag!
  • Ta ut kompasskurs frå hytta du er på, til ein plass i nærleiken (du vel sjølv kvar). Hjelp kvarandre og sørg for at alle i gruppa har prøvd å ta ut minst éin kompasskurs.

Om allemannsretten:

  • Kva er forskjellen på innmark og utmark?
  • Har vi lov til å gå til fots der vi vil i utmarka?
  • Kan vi fritt plukka blåbær i utmarka?
  • Kan vi slå opp telt der vi vil – og ha det ståande så lenge vi vil?
  • Kva omsyn må vi ta dersom vi ønskjer å fyra opp bål i skogen eller på fjellet?

Om vêr og påkledning:

  • Korleis vil du skildra vêret i dag? Få med opplysningar om temperatur (sjekk gjerne termometeret på hytta), vind (styrke og retning), skydekke og nedbør.
  • Kva seier vêrmeldinga om vêret der du er i dag?
  • Stemmer det du observerer, med det vêret vêrmeldinga sa det skulle verta?
  • Kva hadde du på deg då du gjekk på tur? Var det passeleg varmt, eller ville du ha forandra på noko?
  • Kva hadde du på deg da du sat stille og hadde pause? Var det passeleg varmt, eller ville du ha forandra på noko?
  • Kva hadde du på føtene? Fungerte fottøyet ditt godt i det terrenget og på den turen du har gått i dag? Heldt du deg tørr på beina? Var skoa behagelege? Ville du ha valt dei same skoa dersom du skulle gått ein dobbelt så lang tur?

Vurdering:

Last ned eigenvurderingsskjema: Eigenvurdering i naturbasert aktivitet: To-dagars hausttur

Filer

Læraren og klassen avtaler eventuell vurdering med karakter.

Læringsressursar

Friluftsaktivitetar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter