1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. FriluftsaktivitetarChevronRight
  6. To-dagars vintertur på fjelletChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

To-dagars vintertur på fjellet

I dette arbeidsoppdraget i naturbasert aktivitet skal du læra ferdigheiter som gjer deg i stand å planleggja og gjennomføra dagsturar på ski på fjellet på ein trygg måte. Vi skal ta omsyn til vêrmelding, skredfare og til føresetnadene og utstyret til turdeltakarane.

Skitur i skumring. Foto

Dette skal vi gjera:

  • vera to dagar på fjellet utan mobiltelefon
  • gjera ulike aktivitetar, gå dagsturar på ski og overnatta på hytte eller i kantgrop
  • jobba saman fire og fire om å løysa praktiske oppgåver (læraren deler inn i grupper: Medlemmene i gruppa hjelper kvarandre, oppmuntrar, støttar og ventar på kvarandre når dei er på tur.)
  • repetera ting vi har jobba med før, øva på nye ferdigheiter og jobba medvite for best mogleg samarbeid og gode turopplevingar

Vi gjer praktiske oppgåver ute:

  1. les vêrmeldinga og tek omsyn til den
  2. vel påkledning og pakkar sekk
  3. planlegg kvar vi kan gå trygt ved hjelp av kart, kompass og hellingsmålar
  4. smør ski og går på ski
  5. vel rasteplass, bygg levegg og lagar sitjeplass i snøen
  6. sankar ved og tenner bål på snø
  7. prøver ut ulike typar varmekjelder til koking av vatn: Kvar gruppe skal smelta snø til 0,5 liter vatn, koka opp dette og ta tida frå snøen vert lagt i kjelen til vatnet kokar.
  8. lærer prinsippa for å laga kantgrop og korleis vi kan halda varmen ved overnatting ute om vinteren
  9. (eventuelt) spar kantgrop og overnattar der

Vi gjer praktiske oppgåver eller reflekterer innandørs:

  1. repeterer og øver på å bruka kart og kompass
  2. reflekterer over kva som er spesielt når vi skal finna fram med kart og kompass i vinterfjellet samanlikna med sommarfjellet
  3. repeterer elementær førstehjelp (hjerte-lunge-redning, sideleie, stanse bløding)

Etter denne økta kan du svara på desse oppgåvene:

Vêrmelding, klede og pakking av sekk:

Les tekstvarselet og symbolvarselet. Kva fortel vêrmeldinga deg om temperatur, nedbør, vindstyrke og vindretning?

Kva vil du ha på deg på dagstur på fjellet i dag? Kva har du i sekken?

Kvifor er det lurt å ha ull inst mot kroppen?

Smørjing av ski:

Vurder temperaturen og kvaliteten på snøen. Kva skismurning vel du ut frå dette?

Kva er skifellar, og kva nytte kan vi ha av skifellar?

Bål og utstyr til koking:

Korleis lagar vi bål på snøen på ein måte som gjer at det kan brenna minst éin time?

(Korleis byggjer vi opp bålet? Kva kan vi bruka som opptenningsmateriale? Kva kan vi bruka for å få eit bål som varer? Kva er spesielt for bål på snø samanlikna med bål på barmark?)

Kva nytte kan vi ha av spade på tur om vinteren?

Kva vil du ta omsyn til når du skal velja stad for matpause?

Korleis vil du utforma sitjeplassen? Og kvar vil du plassera bålet?

Kva for tre typar brennarar har vi å velja mellom når vi skal koka mat ute?

Kva er fordelar og ulemper med propanbrennaren samanlikna med raudspritbrennaren og bensinbrennaren?

Snøskred og skredfare:

Kva bør vi unngå dersom vi vil leggja skituren vekk frå eit snøskredutsett område? Kva kjenneteiknar eit skredsikkert terreng?

Kva trur du vi meiner med uttrykket «følg rygg, ver trygg» når vi går på skitur?

Å finna vegen:

Korleis tek vi ut ein kompasskurs frå ein stad til ein annan?

Kvar er nord på kartet – og i terrenget?

Kvifor kan det vera litt vanskelegare å vita kvar vi er på kartet når vi går i snødekt terreng, samanlikna med barmark?

Kva i terrenget rundt dykk kan de kjenna att på kartet?

Kvar vil de leggja turen i dag dersom de skal ta omsyn til at turen skal gå i skredsikkert terreng, til eit område der de kan finna ved for bål, til vêrmeldinga for dagen og til skiferdigheitene i gruppa?

Førstehjelp:

Korleis går du fram for å stoppa bløding i ein fot eller ein arm?

Kva gjer du dersom du finn ein livlaus person liggjande på bakken ein dag du er på tur?

Kva meiner vi med sideleie – og når bruker vi det?

Korleis utfører vi hjarte-lunge-redning?

Kva meiner vi når vi snakkar om å «sikra frie luftvegar»?

Kantgrop:

Korleis lagar vi ei kantgrop, og kva nytte kan vi ha av ei kantgrop?

Vurdering:

Last ned eigenvurderingsskjemaet: Eigenvurdering: To-dagars vintertur på fjellet

Filer

Læraren og klassen avtaler eventuell vurdering med karakter.

Læringsressursar

Friluftsaktivitetar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter