Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. FriluftsaktivitetarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Kløving med hest

I dette arbeidsoppdraget i naturbasert aktivitet skal du læra ferdigheiter som gjer deg i stand til å planleggja og gjennomføra ein tur til fjells med hest.

Kløvhest. Foto
På tur i fjellet med kløvhestar

Vi skal ta omsyn til vêret, terrenget og til både hesten og turdeltakarane sine føresetnader og utstyr.

Dette skal vi gjera:

  • vera to dagar på fjellet med hestar
  • overnatta i telt eller lavvo
  • finna eigna veg i terrenget
  • finna ein eigna stad for overnatting og for beite til hestane
  • jobba saman i grupper for å løysa praktiske oppgåver
  • læra om å pakka og tilpassa kløv, ha med kløvhest og ri med hest i variert terreng
  • ta vare på tryggleiken for hestane og turdeltakarane

Før turen:

  • lesa vêrmeldinga og ta omsyn til den
  • planleggja turmål, lesa kart og vurdera terrenget
  • vurdera kor mykje kløvhestane kan bera
  • vurdera kor langt vi kan gå ut frå terrenget, og kvar det er beite og vatn for hestane
  • saman med læraren: vurdera kva hestar som skal vera med på turen, kva hestar som er rutinerte kløvhestar, og kva hestar som eventuelt skal bera ryttarar
  • sjå over utstyret til hestane
  • pakka førstehjelpsutstyr
  • saman med læraren: vurdera om hestane skal bruke heller, tjor eller om vi skal frakta med transportabelt gjerde
  • berekna mat til alle deltakarane
  • pakka fellesutstyr i kløv
  • pakka salvesker
  • læraren: går gjennom ulike måtar å føra kløvhest i forskjellig terreng på

Undervegs på turen:

  • laga leirplass
  • laga mat
  • laga gjerde / plassera hestane for beiting, sørgja for at hestane får vatn
  • visitera hestane før og etter etappane
  • om natta: nattevakt/tilsyn med hestane

Vurdering:

Etter turen skal du laga ein samansett tekst.

Du skal presentera kva du har lært gjennom dei to dagane, og korleis du opplevde turen som aktivitet.

Faglæraren og norsklæraren utarbeider felles vurderingskriterium for teksten, formell vurdering med karakter.

Samansette tekstar

Læringsressursar

Friluftsaktivitetar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter