Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. FriluftsaktivitetarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Første dag i småbåt

I dette arbeidsoppdraget i naturbasert aktivitet skal du læra dei viktigaste sjøvegsreglane, å ro ein båt med årar, føra båt med påhengsmotor på ein trygg måte, fiska med sluk frå land og kjenna namnet på fem aktuelle fiskeartar.

Småbåt

Dette skal vi gjera:

  1. Alle tek på seg redningsvest.
  2. Læraren går kort gjennom korleis vi bruker skulen sin båt med påhengsmotor og skulen sin robåt, og kva område de har lov til å føra båten i i denne undervisningsøkta.
  3. Læraren repeterer dei viktigaste sjøvegsreglane. Vi ser saman på sjøkart for området og fin sjømerke, oddar og skjer på kartet og i verkelegheita.
  4. Vi fordeler oss på tre grupper, som held på med kvar aktivitet i 45 minutt. Gruppemedlemmene sørgjer for at alle får øva på alle arbeidsoppgåvene.
  5. Gruppe 1 gjer klar båten med påhengsmotor, starter opp og øver på å føra båten trygt og leggja til kai trygt. Læraren er med i denne båten.
  6. Gruppe 2 to gjer klar robåten og øver på å ro. Øv på å ro framover, rygga og svinga, og på å ro effektivt og rettlinja i den retninga du bestemmer deg for.
  7. Gruppe 3 fiskar med sluk frå land.
  8. Når alle har øvd på alt, møtest vi for å bestemma kva fiskeartar vi har fanga, og ta vare på fangsten.
  9. Vi går gjennom oppgåvene på dette arket og repeterer det gruppa ønskjer.
  10. Vi ryddar og vaskar båtane og gjer eigenvurdering.

Etter at økta er over kan du:

  • å gjera båten sjøklar (ta tryggleikssjekk, sjekka drivstoff, lensa båten, lasta båten forsvarleg)
  • gjøra greie for krava til tryggleiksutstyr i småbåt og sjekka om det er på plass
  • forklara korleis du bruker tryggleiksutstyret i båten
  • fortelja kva vi kan gjera dersom motoren stanser
  • fortelja kva vi kan gjera dersom nokon skulle falla i vatnet
  • å fylla rett type drivstoff og starta påhengsmotoren
  • å føra båt med påhengsmotor trygt
  • å leggja til kai og inntil ein annan båt (avpassa farten, gjera det på ein trygg og behageleg måte for passasjerane)
  • forklara kva ytre forhold du må ta omsyn til for å kunna føra båten trygt (stikkord: straumar og vind, vêrmelding, botnforhold, tidevatn)
  • å ro båten med årar dersom båten har det
  • å tilpassa påkledninga etter vêr og aktivitet
  • nemna minst fem fiskearter som er aktuelle i dette området
  • forklara korleis du bruker fiskestong med sluk og handsnøre
  • forklara korleis du kan ta vare på fangsten
  • å rydda og vaska båten når turen er over
  • å fortøya båten forsvarleg

Vurdering:

Eigenvurdering på skjema: Eigenvurdering: Første dag i småbåt Vurdering med karakter vert avtalt med lærar.

Filer

Læringsressursar

Friluftsaktivitetar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter