1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. Trygg i naturenChevronRight
  6. Val av ryggsekkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Val av ryggsekk

Når vi skal på dagstur, bruker vi ofte den sekken vi har. Det går fint om vi ikkje skal bera så mykje, og om vi ikkje skal gå så langt. Dersom du skal gå langt eller bera tungt, er det viktig å ha ein sekk som passar både til ryggen din og til formålet med turen.

Sekk med innhold. Foto.

For nordmenn på reisefot er ryggsekken frå gammalt av eit nasjonalplagg for oss. Ikkje legg ut på tur med tung sekk utan trening! Sekken bør ikkje vega meir enn ein tredel av kroppsvekta di. Er du i tillegg dårleg trent eller overvektig, bør sekken kanskje ikkje vega meir enn ein firedel av kroppsvekta.

Ein tung sekk er i seg sjølv ein tryggleiksrisiko. Du utset kroppen for større belastning, og det er lettare å falla. Når du fell, er vekta di langt høgare enn normalt, slik at du fell tyngre. Det er lite heroisk å bera for tungt eller å leggja ut på langtur utan trening. Når du går med tung sekk lenge, får du gjerne vonde skuldrer og hofter. Denne smerta forsvinn ikkje, men du venner deg etter kvart til å tola ho.

Val av sekk

I denne filmen får du mange råd om val av sekk:

Ryggsekktips

Ryggsekken

Ryggsekker vert i dag spesiallaga for bestemte bruksområde. Før du kjøper ein sekk, bør du ha klart for deg kva du skal bruka han til.

Ein ryggsekk til vinterbruk bør ha snølås. Det hindrar at det blæs snø ned i sekken i ruskevêr. Ein lang snølås forlengjer også sekken slik at du kan bruka han som yttertrekk for soveposen. Dette er nyttig dersom forholda vert barskare enn du hadde venta, eller du må laga nødbivuakk.

Storleiken på sekken vert gitt i liter. Ein sekk på 30 til 50 liter er eigna til klatring, skiturar og dagsturar, medan sekker på 50 til 70 liter og opp til 130 liter er berekna for langturar.

Det er mogleg å regulera ryggen på dei fleste sekker. Hugs at sekken skal sitja, ikkje henga på ryggen – sekken skal passa ryggen din. Sekker vert leverte etter rygglengda og høgda til brukaren. Uansett kor stor sekk du kjøper, vil du alltid klara å fylla han. Dersom du berre skal ha med det personlege turutstyret ditt i sekken, har du som regel nok plass i ein sekk på mellom 50 til 65 liter. Dette gjeld også for lange vinterturar – det handlar om å pakka nøkternt og velja mat og utstyr med lågt volum. Kroppen din har ikkje godt av å bera meir enn 25 til 30 over tid.

Hoftebeltet

Hoftebeltet overfører opptil 60 prosent av belastninga frå skuldrene til hoftene. Då må beresystemet til sekken vera rett justert. Hoftebeltet bør vera formsydd, og det bør vera ei ryggpute på sekken som støttar opp den nedre delen av korsryggen. Når du tek på deg sekken, strammar du først brystreima før du heiser opp skuldrene og strammar hoftebeltet. Ved å slakka på hoftebeltet kan du overføra den ønskte mengda belastning frå skuldrene til hoftene.

I ulendt terreng er det mest behageleg å bera ganske mykje med skuldrene, medan det på jamnare terreng der du ikkje treng å løfta beina så høgt, er betre å bera meir med hoftene. Sjølv om du berre går med hoftebeltet passeleg stramt utan å ha overført vekt, verkar hoftebeltet stabiliserande på sekken. Hoftebeltet skal kvila på hoftekammen og ikkje stramma rundt magen som eit korsett. Sjølv om du ikkje ber ein tung sekk, har du glede av hoftebeltet som stabiliserer sekken i ulendt terreng. Dei nyare anatomiske sekkene har eit ledda hoftebelte som følgjer rørslene i hofta.

Brystreim

På skiturar er det absolutt nødvendig at sekken har ei reim trekkjer skulderstroppene lenger inn på skuldrene og brystet. Brystreima gir skuldrene betre rørslefridom og gjer samtidig sekken mykje meir stabil. Også på fotturar er brystreima viktig fordi ho stabiliserer sekken slik at han betre følgjer rørslene til kroppen.

Mann som bærer sekk. Foto.
Å bera sekk krev styrke

Ryggsekk for jenter

Ein stadig større del av fjellvandrarane er jenter, men det er ikkje alt turutstyret som er like godt eigna for jenter. Jenter har oftare kraftigare hofteparti, spinklare skulderparti og kortare rygg enn gutane. I tillegg kan breie skulderreimar verta så breie at det er ubehageleg for brysta. Brystreima skal plasserast over brysta.

Det har kome nokre sekker som er eigna for jenter. Desse sekkene er berekna for personar på mellom 155 og 175 centimeter høgde, og har vanlegvis eit volum på mellom 55 og 70 liter. Jenter bør alltid spørja etter turutstyr tilpassa jenter, spesielt når det gjeld ryggsekk.

Anatomisk sekk

I dag er dei anatomiske sekkene nesten einerådande på marknaden. Med ein anatomisk sekk vert ryggen nærast omfamna av sekken. Det gjer at han følgjer rørslene til kroppen mykje betre enn noko anna beresystem. Det er under aktivitetar i ulendt terreng, klatring, brevandring og utforkøyring at du verkeleg får glede av passforma og evna den anatomiske sekken har til å følgje kroppsrørslene.

Du slepp ein meis som heng seg rast i greiner eller skyt fram over hovudet ditt når du trynar i ei utforkøyring på ski. Det er også ulemper ved dei anatomiske sekkene, men dei kjem i stor grad i skuggen for fordelane. Du sveittar ein del meir med ein anatomisk sekk enn med andre typar, for sekken ligg så tett inntil ryggen. Den anatomiske sekken må pakkast meir omsorgsfullt enn andre typar sekker, og du bør unngå å pakka noko utanpå sekken, bortsett frå liggjeunderlaget. Du må ofte forma spilene som ligg i ryggstykket, slik at dei passar til ryggfasongen din. Det vil samtidig seia at du ikkje kan sitja på sekken, for då bøyer du desse spilene. Skal du bera store kasser eller store kolli med utstyr, som store kjøtstykke etter ei vellykka reinjakt, er ein sekk med meis betre dersom du skal bera bører tyngre enn 25 kilo. Ein pakkrammesekk er då best.

Pakkrammesekken

Pakkrammesekken er festa til ei solid ramme, oftast av aluminium. Berestropper og hoftebelte er festa til ramma. Meisen er ofte polstra med puter og band mot ryggen for auka berekomfort. Pakkrammesekken er det beste alternativet for somme bruksområde. Han er særleg best for jegerar som skal bera tunge kjøtbører, og for dei som skal på lange turar med særleg tunge og uhandterlege pakningar. Fordelen med pakkrammesekken er at sjølve sekken kan fjernast, slik at du kan surra kasser og behaldarar rett på meisen. Pakkrammesekken manglar passforma og stabiliteten til den anatomiske sekken, men til gjengjeld kan du pakka tyngre ting som sovepose og telt utanpå sekken. Det gjer at du får plass til meir i ein pakkrammesekk enn i ein anatomisk sekk.

Pakk sekken din sjølv

Jente som pakker sekk. Illustrasjon.

Skal det vera mogleg for deg å finna att tinga dine i sekken utan å tøma ut alt innhaldet, må du pakka sekken systematisk. Pakk i posar. Éin utstyrskategori i kvar pose. Bruk gjennomsiktige plastposar, brødposar eller heimesydde posar i stoff. Det siste er det mest miljøbevisste. Har du forskjellig farge på posane, finn du raskt fram i sekken. Tunge saker skal høgt opp og nært kroppen. Hugs: Ryggsekken skal sitja på ryggen, ikkje henga.

Finn ut av dette før du skaffar deg ny sekk:

  • Kor mykje skal du ha med deg?
  • Kor høg er du?
  • Kor mykje pengar vil du spandera?
  • Kva skal du bruka sekken til?

Læringsressursar

Trygg i naturen

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter