1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. Trygg i naturenChevronRight
  6. BåletChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bålet

I populære turområde skal du bruke gamle bålplassar, slik at slitasjen på området ikkje blir for stor. Utbrende bålplassar er lite dekorative. Lag ikkje bål på svaberg. Berget kan sprekke, og dermed har du sett spor etter deg som andre kan ergre seg over i hundrevis av år framover.

Lær å tenne bål på en riktig måte

Første bod er gjerne å finne le. Lag bålet på ein stad som er tilnærma vindstille og til liten sjenanse same kvar du sit. Bålet varmar, og veden brenn ikkje opp så fort.

Å lage bål inntil den nesten loddrette sida av ein stor stein er praktisk. Steinveggen lagar le for vinden og reflekterer varmen mot deg. Finn først nokre store, flate steinar som du kan leggje i botnen av bålet. Grav deg 20 til 30 cm ned og dekk botnen med ein eller fleire store, flate steinar. Bygg gjerne opp ein 20 centimeter høg steinvegg rundt bålet, og tett sprekkene mellom steinane med jord, sand og småstein. Då unngår du stygge sår i naturen etter bålet. Risikoen for torv- og lyngbrann blir mindre, samstundes som steinane vil reflektere og magasinere varmen frå bålet. Då utnyttar du òg veden betre og får glede av varmen lenger. Dersom det skulle blåse frå ein annan kant, ligg bålet i le for all slags påverknad. Etter at bålet er brunnen ned, kan du koke og steikje på dei glovarme steinane. Rundt dei flate steinane som dannar botnen i bålet, byggjer du opp ein kant som gir le og held veden på plass. Steinane rundt bålet kan gjerne vere flate oppå for steikje av ostesmørbrød og varme mat. Ein annan måte er å lage bålet mellom to flate steinar eller stokkar eller nede i ei lita grøft eller grop. Trekkopninga legg du mot vinden.

Dei første gule flammane

Firkantbål. Illustrasjon.
Firkantbål

Kunsten med å lage bål er å få til dei første gule flammane. I førre avsnitt laga vi ein bålplass skjerma for vind som kan blåse ut dei første yrande flammane frå fyrstikka. Før du tenner på, er det klokt å samle saman alle opptenningshjelpemidla i små haugar framfor deg, slik at dei ligg klare.

For å få fyr kan du sanke den tørre ytste borken frå einer. Den er rik på olje. Nesten like bra er dei sigarettpapirtjukke ytste borkbitane på bjørka — never. Vidare kan du no supplere med små klumpar av kvae frå furu eller gran. Har du først fått fyr på dette, kan du bruke av den tjukkare nevra på bjørka. Tørr krekebærlyng, som du finn på svaberg og store steinar, er like bra. Gråaktig tørrfuru kan òg fungere. Er småflisene litt rå? Dersom dei er det kan du gni flisene med kvaeklumpen, slik at dei får eit tynt belegg med kvae utanpå. Då brenn kvaen omtrent som eit stearinlys med flisa som veik. Etter kvart byrjar også flisa å brenne. Har du fått ein god flamme no? Bra, då er det meste av jobben gjort. No bør du ikkje bli for utolmodig. Legg berre på små mengder om gongen. La elden få godt tak i småtinga før du legg på meir. Så kjem eit viktig triks: For å få vedkubbane til å brenne skjer du opp fliser på dei på to kantar, slik at dei ser ut som eit piggsvin med pønkarsveis. Då tek flammane først tak i flisene og brenner seg innover til kubben. Dette er ein typisk finsk-samisk måte å tenne opp på. Dersom du set tre– fire slike «pønkar-kubbar» opp i ein pyramide i peisen når du har tørr ved, kan du nøye deg med å tenne på ei av flisene – så brenn snart alle kubbane.

Bål for koking og steiking

Pyramidebål. Illustrasjon.
Pyramidebål

Skal du lage mat, er ein liten og effektiv varme betre enn eit stort og brasande bål. Har du tid til det, er det best å vente med koking og steiking til bålet er brunnen ned til ein glohaug. Då er varmen sterkast, og du unngår svarte og sotete kjelar og kar, eller sur røyksmak om du steikjer pølser. Kjelen hengjer du opp i ein stokk, ein kjettingstump eller set han mellom to steinar. Har du laga bålet oppå ei steinhelle, kan du vente til bålet er brunnen ned, koste vekk sot og glør og steikje og koke rett på steinen.

Kubben – ein annan type bål

Kubbebål. Illustrasjon.
Kubbebål

Dette er ein gammal sjøsamisk eller finsk båltype. Han er glimrande på drivved du finn i fjøra, men kan brukast på alle typar stokkar. Bruk ein stokk som gjerne er 30 centimeter tjukk, helst meir. Bruk 1–1½ meter lengd av stokken. Set stokken på høgkant. Skjer eit kryss i stubben – gjerne 30 til 50 centimeter ned i stokken. Skjer fleire like djupe kutt ned i stokken slik at du etter kvart får ei stjerneform. Enklaste løysinga no er å helle litt tennvæske av eit eller anna slag ned i sprekken og fyre opp. Alternativt lagar du ei lita fordjupning i midten av det stjerneforma krysset og tenner opp der på vanleg måte. Varmen brenner seg nedover i stokken. Kjelar og gryter set du berre opppå kubben, og du kokar dermed like lett som på ein vanleg komfyr. Finskeprimusen – eller berre kubben – er ein førsteklasses komfyr og ei varmekjelde som kan brenne rundt eit døgn. Det krevst at du har tilgang til ei god sag og ein heilt tørr kubbe.

Kokeholet

Kokehullbål. Illustrasjon.
Kokehullbål

Du kan koke rett på glørne nede i holet. Det er ein fin måte å optimalisere varmeutnyttinga på. Før du legg deg dekkjer du glohaugen med oske, rå mose og torv. Dermed reduserer du trekken, og neste morgon er det berre å leggje på litt meir kvist og blåse på glørne, så har du bålet i vigør igjen.

Når du har gløymt igjen kjele

Manglar du kokekar, kan du likevel koke. Bruk ein plastpose, ein pappkartong eller brett ein kjele av eit neverstykke (borken frå bjørka) eller eit papirark. Lag bålet på ei steinhelle. Når det er brunnen nesten heilt ned, kostar du vekk glørne og set det improviserte kokekaret på steinen. I eit kokekar av never kan du også koke ved å varme opp steinar på storleik med knyttnevar på bålet og leggje dei oppi kokekaret. Vent med å leggje steinane i bålet til det har vorte godt med glør. Då unngår du sotete steinar. Egg kan du koke ved å pakke inn egget i våt mose eller papir og leggje det på steinen eller i glørne.

Hjelpemiddel

Bålposen

Ut på tur kan du ta med vanlege fyrstikker og vanleg lighter. Er du sparsam med gassen, tilsvarar ein lighter ti til tjue fyrstikkesker. Når det er slutt på gassen, kan du bruke gneisten saman med tørr bork eller never. Du kjenner sikkert til at du i god sol og med ei linse frå ein handkikert, eit kikertsikte, fotoapparat, briller eller ei lupe kan få fyr. Det skulle halde i massevis. I tillegg er telys framifrå å setje i botnen av eit bål for å få fyr. Ein liten stump av eit stearinlys gjer same nytta. I forretningar får du elles kjøpt opptenningsbrikettar. Skal du lage bål i regnvêr, kan du tenne opp med kvae av furu.

Bålet er ein farleg herre

Det er ikkje tillate å tenne bål i nærleiken av skogsmark i tida frå 15. april til 15. september. Det kan i tillegg ofte finnast lokale reglar som er endå strengare. Det er ikkje utan grunn at det er forbode å gjere opp bål i dei tørraste og varmaste sommarmånadene. Etter eit bål på lyng-, mose- eller torvbotn kan det ulme i dagevis. Dersom tilhøva ligg til rette for det, blussar varmen opp, og store område med fin natur er forvandla til svarte sothaugar for mange år framover.
Må du lage bål i tørre periodar, kan du bruke flate steinar langs elvar og bekker, slik at du kan bruke ei grein og koste alt ned i vatnet før du skal gå. Ver klar over at gneistar frå bålet kan vere nok til å tenne varme mange meter unna bålet.

Læringsressursar

Trygg i naturen

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter