Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. Trygg i naturenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Orienter deg i naturen

Det tek tid å lære seg å bruke kart. No som dei fleste av dei populære rekreasjonsområda våre har merkte løyper, er vel mykje av vitsen med kart og kompass borte? Meir feil kan du ikkje ta. Kart og kompass er hjelpemiddel som kan gjere turen din rikare, sjølv om du er aldri så godt kjend i eit område.

Bruk av kart og kompass
Utsikt frå Røssvatnet mot Okstindbreen. Foto.
Utsikt frå Røssvatnet mot Okstindbreen

Med trening i å lese kart kan du hente ut eit hav av opplysningar som du elles ikkje ville fått. Ut frå kartet kan du lese kvar du finn ein vindstille rasteplass, vatn, gode teltplassar, fine fiskeplassar, kor langt du har gått eller kor langt du har igjen å gå. Du får vite høgda på fjelltoppen og mykje meir. Kartet er òg ein viktig tryggleiksdetalj. Skulle nokon skade seg, kan du raskt finne ut kvar næraste veg og beste evakueringsveg er. Du kan navigere deg fram i tjukk tåke eller tett mørke. Kartet er kanskje ikkje alltid like nødvendig, men vil som regel gjere turen rikare. Utan kart og trening i kartlesing vil du kanskje heller ikkje våge å ferdast utanfor veg og merka løyper.

Les meir

Dersom du ventar med å ta fram kart og kompass til du er usikker på kvar du er, eller kanskje har gått deg vill, er du i ein vanskeleg situasjon. Kart og kompass må du bruke før, under og etter turen. Kor lang tid brukte eg på dei ulike strekningane? Kor høg marsjfart gir det? Korleis er dei ulike terrengformasjonane gjengitt på kartet? Kor mykje bomma eg med kompasset på denne strekninga? Korleis kunne avviket blitt mindre? Dersom du ikkje har prøvd deg fram i område der du kjenner deg trygg, skal det mykje til at du stolar fullt og heilt på kartet når det verkeleg gjeld. Orientering handlar først og fremst om erfaring og trening.

Kart er viktigast

Finn holdepunkter. Foto.
Finn haldepunkter

I område med nokolunde god sikt klarer du deg som regel godt med kartet. Du kan lese deg fram til kvar du er, og til dei ulike himmelretningane. Kartet inneheld eit hav av ulike opplysningar og dess meir du brukar det, dess fleire opplysningar kan du få ut av det.

Kva for eit kart skal eg velje?

Turkart over spesielt populære område er sette saman av kart frå M 711-serien. M 711-serien består av 725 kart og dekkjer heile Noreg. På langtur bør kvar av turdeltakarane ha kart. Dersom eit kartsett blir teken av vinden, blir vått og går i oppløysing eller på annan måte går tapt, kan du vere ille ute. Kartet bør oppbevarast i ein gjennomsiktig plastpose. Plastbelagde kart er òg vorte vanleg, og ein kan kjøpe eigne impregneringsmiddel for kart. Kartmappe var vanleg tidlegare, men mange tykkjer kartmappa er for omfangsrik, og at ho stadig er i vegen under turen.

Rutenettet på kartet

Kartet har påtrykt tynne, svarte, parallelle hjelpelinjer – meridianar – som viser nord – sør retninga. Nord er alltid øvst på kartet. Alle rutene har sitt nummer og dette kan vi bruke som referanse for å oppgi ein posisjon.

Kartreferanse

Av og til har vi bruk for å oppgi ein stad på kartet. Dersom mottakaren av opplysningane er ved sida av deg, kan du peike på kartet, men dersom du skal formidle opplysningane skriftleg eller over telefon, er det naudsynt å kunne oppgi eksakt posisjon.

Peiling

Kompasskurs. Foto.
Kompasskurs

I Nord-Noreg seier fiskarane at dei har gode mèd på plassen. Det betyr i praksis at dei har teke ut ei god krysspeiling slik at dei kan finne igjen posisjonen. Dersom du ikkje veit heilt eksakt kvar du er på kartet, men kan kjenne igjen to formasjonar på kartet, til dømes ein fjelltopp og ei vik, kan du ved hjelp av peiling fastslå kvar du er på kartet.

Les meir

Ta kompasskursen dit ved å sikte langs kompasslinjalen på fjelltoppen og vri kompasshuset til nordpila fell saman med nord på kompasspila. Legg kompasslinjalen langs fjelltoppen og vri heile kompasset til linjene i kompasshuset fell saman med meridianane på kartet. Trekk ein strek langs kompasslinjalen. Gjenta prosedyren på det andre kjende punktet. Du bør helst ha fleire kjende punkt enn to for å få eit godt resultat. Krysspeiling er det motsette av å ta ein kompasskurs. Dersom to eller fleire skal krysse store, opne område i tjukk tåke, er det ein spesiell teknikk som er nøyaktig. Førstemann går med kompass. Andremann går 10–15 meter bak og brukar òg kompass. Når førstemann kjem ut av kurs, blir han korrigert av andremann. Metoden er utvikla for brevandring, men kan òg fint brukast i andre situasjonar.

Orientering i praksis

Når du har teke ut kompasskursen, siktar du inn kompasset på eit fjerntliggjande punkt. I skog kan det gjerne vere ein tretopp nokre hundre meter framfor deg, på fjellet kan det vere ein bergknaus eller eit bratt parti nokre kilometer framfor deg. Når du kjem fram til denne staden, tek du fram kompasset på nytt og tek ut eit nytt punkt. Under kompassmarsj i skog, der du berre kan ta ut punkt nokre få hundre meter framfor deg, kan du berekne 50 til 150 meter avvik pr. kilometer. Det er derfor klokt å gå mot faste punkt med nokre kilometers avstand, slik at du heile tida kan justere kursen. Kompasstrekk på over 5–8 kilometer bør du unngå.

Oppfangingslinjer og mellompunkt

Når du tek ut kompasskursen, kan feilkjelder som misvising og unøyaktig bruk av kompasset gjere at du kan risikere å gå 50 til 100 meter feil pr. kilometer. Det er derfor heilt naudsynt å sikre seg mot å bomme på målet.

Les meir

Skal du til ei hytte som ligg i eit hjørne av eit stort vatn, bør du ta kursen midt på vatnet, slik at du har litt slingringsmonn begge vegar. Ei oppfangingslinje er ein lett kjenneleg terrenggjenstand som er lett å treffe. Gode døme er vegar, breie stigar, høgspentlinjer, elvar og vatn med særprega form. Det viktigaste med ei oppfangingslinje er at du ikkje skal gå forbi ho. Når du har kome til oppfangigslinja, følgjer du ho til du på nytt er heilt sikker på kvar du er, og tek ut ein ny kompasskurs. Skal du langt gjennom ukjent terreng, kan det vere sikrast å lage mange oppfangingslinjer eller mellompunkt, slik at du heile tida er rimeleg trygg på kvar du er.

Som hanken på ei bytte

Det er slett ikkje alltid at det er den rette linja mellom to punkt som er den kortaste. Berre tenk deg hanken på ei bytte. Om du følgjer hanken opp og ned, eller om du følgjer han rundt langs kanten, så er vegen like lang. Du vil likevel bruke langt meir krefter på å gå over, enn på å gå rundt. Når vi går på ski er det særleg viktig å halde oss i høgda når vi først har kome dit. Det er ikkje lurt å sleppe seg ned i dalbotnar, dersom vi må opp igjen på den andre sida.

Les meirPå same måten bør du unngå å gå over fjell og åskammar dersom du må ned igjen på den andre sida. Undersøk om du kan gå rundt utan at det kostar for mykje tid. Det er sjeldan lurt å følgje vassdrag og bekker for å kome raskt fram. I terreng med store høgdeforskjellar renn vatnet ofte utfor stup og skrentar, medan det i flate område gjerne er så tilgrodd at det er vanskeleg å ta seg fram. For dei mest brukte turområda i landet vårt er det laga eigne kart baserte på M711- karta. På desse karta er det teikna inn gode ruteforslag, og betente og ubetente hytter er avmerkte. Sjølv om du følgjer merkte løyper, har du likevel stort utbytte av eit kart.

Stol alltid på kompasset

Skulle vêret bli ille, vil du kanskje ikkje klare å følgje ruta. Dersom nokon i følgjet skulle skade seg, er det berre ut frå kartet du kan finne raskaste veg til hjelp. I slike situasjonar kan kart eller kompass bety liv eller død.

Les meirDet er òg godt med eit kart for å finne ut kor langt det er igjen. Av og til kan du kome ut for så tjukt vêr eller tett mørke at du ikkje ser meir enn ei armlengd framfor deg. Dersom du då ikkje er heilt sikker på kvar du er, bør du gå i bivuakk. Stol uansett alltid på kompasset. Dei fleste av oss er litt sterkare i høgre kroppshalvdel og tek litt lengre skritt med høgre bein. Når du går med kompass har du som regel kjensla av at du går i ring fordi du jamleg må korrigere mot høgre, men dersom du ikkje stolar på kompasset i slike situasjonar, vil du ikkje nå målet med det første.

GPS til turbruk

GPS til turbruk

Læringsressursar

Trygg i naturen

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter