1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. Trygg i naturenChevronRight
  6. KledeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Klede

Ikkje kle deg for varmt når du skal på tur. Ta heller med deg godt med tøy i sekken. Dersom du synes du har litt for lite på deg når du går ut, er du riktig kledd. Du blir fort nok varm når du byrjar å gå.

Gore-Tex-klede

Kva er bra for deg?

Det viktigaste med turklede er at dei vernar kroppen mot vêr, temperatur og skadar. På tur brukar vi ofte open eld både til matlaging og som varmekjelde og miljøskapar. Vel gjerne materiale som ikkje brenn eller smeltar. Ver særleg merksam på at både ull og bomull som er kraftig impregnert med silikon, brenn godt. Generelt er ull og bomull brannsikre stoff.

Ull har den fordelen at det varmar sjølv om det inneheld 60 prosent vatn, og kjennest ikkje vått før det inneheld over 33 prosent vant. Til samanlikning kjennest nylon vått når det inneheld 7 prosent vatn. Den største ulempa med ull er at det er dyrt. Ull har òg liten slite- og rivestyrke. Mange ullplagg består derfor av 80 prosent ull og 20 prosent kunststoff.

Overnatting med klede i sovepose

Undertøy

Om sommaren brukar vi lite undertøy, men på turar der vi arbeidar og sveittar, er det komfortabelt med eit plagg inst mot huda som transporterer bort fukt slik at du ikkje kjenner deg våt. Dette plagget bør ha lita kontaktflate mot kroppen. Brynje, nettingundertrøye eller helsetrøye av ull eller kunstfiber fungerer bra. Det har kome ei rekkje undertøystypar med fukttransporterande effekt på marknaden.

Les meir

Utanpå det sveittetransporterande laget har vi det isolerande laget som held oss varme. Dette laget må òg kunne suge til seg noko av fukt utan å miste isolasjonsevna. Ull har lenge vore einerådande når det gjeld desse eigenskapane. I den seinare tida har det kome nokre kunstfibermateriale som kan konkurrere med ull. Desse materiala er mindre plasskrevjande, men varmar like mykje. Dei syg ikkje til seg fukt som ull, men tørkar raskare og er i tillegg enklare å vaske. Likevel er det ingen materiale som kan konkurrere med ull når det gjeld isolasjonseigenskapar i våt tilstand.

Ullundertøy på tur

Klede som varmar

For å ferdast komfortabelt treng vi klede som gjer det mogleg å regulere isolasjonen etter aktiviteten. Som hovudregel er det betre med fleire tynne plagg enn få tjukke. Skjorta bør ha lange flak, slik at ho kjem godt ned i buksa. For å verne vår sårbare hals er skjorte med høg hals eller rullekrage med glidelås eit godt val. Vel klede som gir deg høve til å regulere utluftinga.

Les meir

Får du ein splitt som blottar berr hud når du bøyer deg, utset du deg for ryggplager. Påkledningen skal vere etter taksteinprinsippet, slik at det heile tida overlappar. Skjorta kan gjerne vere av ull, men ullskjorter blir ofte for varme. Mange likar skjorter i ullfrotté. Dei er behagelege så lenge dei er varme og tørre, men er kalde når dei blir våte, og dei tørkar sakte. Klede av skinn er dyre, men held lenge og er både vindtette og varme. Bukser med skinn på låra blir etter kvart vanlegare. Særleg til jakt og naturfotografering, fordi dei ikkje lagar lyd mot greiner og lyng. Til haust- og vinterbruk er vadmålsbukser ofte eit godt val. Dei er motstandsdyktige mot vind, er gode og varme og toler mykje snø og væte før du kjenner deg våt. Vadmålsbuksene kan du gjerne impregnere. Alle slag tova klesplagg vil tene på å bli impregnerte. Tova vottar, ullgenserar, luer og sokkar er litt vindtette og litt vassavstøytande. Om du impregnerer dei, toler dei betre yr, småregn, våte greiner og kratt. Tettvoven bomull og tova ull har òg den fordelen at stoffet svell ut når det blir litt vått, slik at det blir endå meir vassavvisande og vindtett. Når vi held oss i ro ute i vårt kalde klima, er det som regel naudsynt å ha på seg eit varmt plagg. Isolasjon er i praksis luft som blir halden i ro. Tjukke ullgenserar er gode val. Genserar i fiberpels er òg populære. Jakker med dun- og kunstfiberfyll er veleigna til bruk når ein skal reise teltet i sure vindkast, eller når ein skal raste på snaufjellet. Det negative er at dei ofte er dyre og for varme. Jakker med dunfyll er varmast, men er svært ømfintlege for fuktigheit. Jakker fylte med syntetiske fibrar, gjerne hole polyesterfibrar, er rimelegare. Dei varmar òg sjølv om dei er våte, og trekkjer ikkje til seg vatn.

Klede som vernar mot vinden

Til denne kategorien klede er det tre eigenskapar å ta omsyn til: • Pustande eigenskapar • Vindgjennomgang • Vass-søyle
Pusteeigenskapane til plagget kjem som regel i konflikt med to forhold, nemleg plagget si evne til å sleppe ut overskotsvarme og den fukta som vi produserer under fysisk aktivitet. Best pusteeigenskapar finn vi som regel i plagg av rein bomull, deretter kjem Gore-Tex.

Les meir

Vindgjennomgangen blir målt i kor mange liter luft som kan trengje gjennom 20 cm² i løpet av eitt minutt. Dess lågare verdi, dess meir vindtett er plagget. Polyester/bomull, til dømes, slepper gjennom 2,1 l, svært tettvoven bomull 1,4 l., medan Gore-Tex berre slepper gjennom 0,9 l/ min. I tillegg til desse faktorane skal ein vere klar over at bomull ikkje er særleg rive- og slitesterkt og i tillegg ganske dyrt. Gore-Tex er endå dyrare enn tettvoven bomull. Ved temperatur lågare enn ÷10–15ºC isar porene i Gore-Tex’en igjen, slik at pusteeffekten blir borte. Gore-Tex er heller ikkje eigna til bruk ved havet, der salt frå saltvatnet tettar igjen porene i teflonmembranen.

Vindtøy er påkravd

Anorakk eller vindjakke er eit heilt naudsynt plagg i fjellet og i opne område. Om temperaturen er minus 5 °C og det blæs liten kuling, er varmetapet frå kroppen like stort som om det hadde vore vindstille og minus 25 ºC.

Les meir

På skitur med sekk i vinterfjellet er det ofte tilstrekkeleg å bruke undertøy og ei tynn skjorte under anorakken, sjølv om vinden bit surt. Anorakk i tettvoven bomull har gjennom mange generasjonar vore det obligatoriske fjellplagget. Vindplagget må vere så romsleg at du kan få plass til ein tjukk genser under ved rastar og stopp. Til fjellbruk er det viktig at jakka eller anorakken har hette til å trekkje over ullua. Vindbukser er òg viktige i ope terreng. Du blir fort kald i skrittet og på låra når vinden blæs hardt. Vindbuksa kan gjerne ha bukseselar, og ho må vere så romsleg at du kan trekkje ho over støvlane. Vindvottar er naudsynt, ikkje berre på fjellet. Dei blir trekte utanpå ullvottane, og dermed unngår vi at dei blir fort våte. Overtrekksvottane må vere så lange at dei rekk godt over handleddet, og dei må kunne takast av og på sjølv om ein har vott på den andre handa. Kunstfiber eller skinnforsterkning i grepet kan auke levetida til vindvottane, men då tek det òg lengre tid å tørke dei.

Regntøy

Regntøy treng du heile året i Noreg. Den enklaste løysinga er ponchoen. Ponchoen kan òg brukast som einmannstelt, men gir ikkje fullt vern i kraftig vedvarande regnvêr. Likevel kan han vere eit godt alternativ i strøk som ikkje er kjende for å vere våte. Med regnbukse og regnjakke har du av og til valet mellom å bli våt utanfrå av regnet eller innanfrå av kondens. Godt regntøy som effektivt held regnvatnet ute og samstundes slepper ut sveittedamp, er dyrt. Med stor sekk med både hoftebelte og bryststropp fungerer ikkje utluftingssystema som brosjyren skamroste slik.

Les meir

Eit alternativ og ei kombiløysing er jakke av Gore-Tex og oilskin. Ei jakke av Gore-Tex kan brukast som fjelljakke og samstundes som regntøy. Ulempa med Gore-Tex er at det ikkje fungerer like godt som regntøy i våt snø, høgtveksande vått gras, høgt kratt eller tett skog. Då blir nemleg ein god del vatn pressa gjennom og ein blir våt likevel. Under vanlege tilhøve er likevel Gore-Tex rimeleg vasstett. Oilskinjakker er ein nykomling frå Dei britiske øyane. Engelskmennene har meir en 100 års erfaring med oilskin, men hos oss er dette relativt nytt. Oilskinklede er laga av svært tettvoven bomull som er innsett med ein oljeaktig voks. Denne kombinasjonen gjer at plagget pustar til ei viss grad, samstundes som det er nesten heilt vasstett. Til rolege friluftsaktivitetar er oilskinjakkene veleigna, men til større aktivitetar blir dei for tette. Oilskinjakkene må impregnerast på nytt etter å ha vore i bruk ei tid, og det er om å gjere å finne balansepunktet mellom god vasstetting og god pusteevne. På fjellet og i andre område der du kan bli utsett for sterk vind, skal du vere merksam på at du lett kan bli nedkjølt og til og med få frostskadar i lysken. Pass på at anorakken eller jakka rekk eit godt stykke ned på låra, eller bruk eiga vindtruse. Gutar er særleg utsett, og kan risikere å forfryse penis.

Kunststoff med mikroporer

Kunstfiber laminert med Gore-Tex har vorte ein sterk konkurrent til bomull i vindtøy. Vindjakker i bomull og polyester er noko rimelegare enn Gore-Tex-jakker og har ofte betre pustande effekt, slik at sveittedamp kan kome ut. Gore-Tex har på si side den fordelen at det ikkje blir vått og at det kan brukast som regntøy, med visse reservasjonar. Vatnet blir nemleg pressa gjennom stoffet dersom du går i høgt kratt, tett skog eller vierkratt, eller om du set deg på vått underlag.

Les meir

Gore-Tex og liknande stoff består av eit tynt lag teflon med mikroskopiske porer i. Porene eller hola er så små at dei ikkje slepper gjennom vatn i dråpeform, men så store at dei slepp gjennom vatn i dampform. Denne teflonfilmen, eller membranen som det blir kalla, er limt til eit ytterstoff og eit innerstoff. Når plagget blir møkkete av sveitte og skit, blir porene tetta igjen, og dei pustande eigenskapane til Gore-Tex-plagget blir stadig dårlegare. Derfor må òg slike plagg vaskast jamleg. Vask gjer stoffet mjukare. Ullundertøy og særleg syntetisk undertøy som superundertøy må òg vaskast ofte for å behalde dei pustande eigenskapane. Gore-Tex-plagg bør impregnerast og strykast for å bli meir vassavvisande og for å betre dei pustande eigenskapane. Kunststoffplagg med mikroporer, slik som Gore-Tex, er kostbare og har ikkje særleg lang levetid. Det er eit bruksplagg du kan forvente varer mindre enn fem år.

Lue, vottar og skjerf

I sterk vind og om vinteren er lue viktig. Ved -15 grader og litt vind brukar du halvparten av varmeproduksjonen i kroppen til å halde hovudet varmt dersom du ikkje går med lue. Til fjellbruk er lue av balaklava-typen mykje brukt fordi ho kan brukast som dobbel lue, men òg som heildekkjande hovudplagg som vernar halsen. Vanlege strikka luer er ikkje vindtette, og du er avhengig av vindhette på anorakken eller jakka når det blæs.

Les meir

Halsen er eit utsett punkt på kroppen vår. Når det kjem trekk på halsen, blir vi gjerne forkjøla og sjuke. I halsen ligg blodforsyninga til hovudet nær huda. Derfor er halsen nesten like sårbar som hovudet for nedkjøling. Bruk skjorte med høg hals, skjerf eller trekk ned balaklavaen/ finlandshetta. Dra aldri på tur om vinteren utan ekstra vottar. Vottar blir produserte i mange materiale, men ull er framleis det best, fordi ull varmar òg når ho er våt. Dessutan kjennest ikkje ull våt før ho inneheld meir enn 33 prosent vatn. Vindvottar høyrer som regel til. Overtrekksvottane gjer at det tek lengre tid før vottane blir våte, dei vernar mot vind og reduserer slitasjen på ullvottane. Pulsvantar varmar handleddet, handryggen, handbaken og underarmen og gjer det mogleg å arbeide med berre fingrar sjølv om det er temmeleg kaldt ute. Pulsvantar er varmare enn fingervantar. Fingervantar er av det kaldaste slaget. Blir dei først fuktige, er det vanskeleg å unngå å fryse. I vottar og pulsvantar ligg fingrane saman og varmar kvarandre, men i fingervantane må kvar finger klare seg sjølv. Fingervantar eller hanskar er ikkje eit godt val om du treng noko som skal varme fingrane dine.

Kle deg riktig

Når du søv har du ein varmeproduksjon på om lag 75 W, medan du i hardt arbeid blir reine panelomnen med ein produksjon på opptil 1000 W. Derfor er det viktig å kle seg etter tilhøva. Ei fukttransporterande nettingtrøye inst mot kroppen etterfølgd av ei tynn skjorte som varmar, og eit vindplagg ytst er gjerne tilstrekkeleg påkledning både haust, vinter og vår. Så snart du stansar er det viktig å få på eit varmande plagg.

Les meir

Om pausen er kort, kan du trekkje genseren utanpå jakka. Han varmar likevel. Når du startar om morgonen er du gjerne litt kald i kroppen. Gå deg varm og ta ein pause etter om lag 10 minutt. I denne tekniske pausen justererr du snøringa av støvlane, rettar på sokkar som har glidd ned, tek av deg klede som er for varme, rettar på for lause eller stramme stroppar på ryggsekken og elles fiksar opp alt som ikkje kjennest heilt topp. Å vere for varmt kledd er like ille som for kaldt. Ofte kan småjusteringar vere nok: å brette opp erma på anorakken, snøre opp eller igjen i halsen eller ta ei lue av eller på. Bruk tid i byrjinga av turen til å tilpasse påkledningen. Det har du mykje igjen for seinare.

hvordan du bør kle deg i vinterfjellet.ilustrasjon.
Kledd for vinterfjellet

Klede som er lette å tørke i teltet

Våte klede kan vere vår største utfordring på turar som varer meir enn nokre dagar. I norsk kystmiljø kan det kome iskaldt regn og sludd både ofte og i store mengder. Derfor bør du prioritere klede som kan tørkast i varmen frå kokeapparatet i teltet. Først og fremst bør du velje klede som ikkje trekkjer vatn, og klede som ikkje er fôra. Det er lettare å tørke ei vindjakke og ein genser enn ei fôra jakke. Fleire og tynne plagg er lettare å tørke enn eit tjukt plagg.

Les meir

Fôra støvlar må ha fôr du kan ta ut og tørke separat. Kunststoff er lettare å tørke enn bomull og ull, nettopp fordi kunststoff ikkje trekkjer vatn. Om vinteren kan du frysetørke vindtøy effektivt. Kost vekk all snø og heng opp kleda ute om kvelden, slik at dei frys og blir heilt stive. Ski og stavar blir eit fint tørkestativ. Hugs å feste kleda med hyssing slik at dei ikkje blæs bort om det skulle bli sterk vind i løpet av natta. Neste morgon kostar du vekk alt rimet som er kome på kleda. Ein del av fuktigheita har gått rett over i dampform, medan ein del har lagt seg som rim utanpå. Vindtøyet er framleis vått, men tørrare enn då du hengde det opp.

Når alt er vått

Om kvelden blir kleda tørka ved omnen eller i eige tørkerom. Ver likevel merksam på at skinnforsterkningar på bukser, jakker og vottar ikkje toler temperaturar på over 37 grader.

Les meir

Bur du ute er det gjerne meir vanskeleg å tørke klede. Strålingsvarmen frå bålet er lumsk, og du brenner fort hol. Våte sokkar og andre klede må du om vinteren ta med ned i soveposen. Ta likevel ikkje med meir enn at du klarer å halde varmen i soveposen. Bur du slik til at du kan få tørk på kleda, er det klokt å skylje opp sveitt og vått undertøy og sokkar om kvelden. Møkkete klede isolerer dårleg og syg ikkje til seg fuktigheit like godt som reine. Ull og syntetisk sportsundertøy mister ekstra raskt evna til å varme og transportere fukt når dei blir skitne.

Stell og impregnering

Klede av naturprodukt som ull og bomull rotnar om dei ikkje blir tørka. Syntetiske stoff blir jordslått. Turklede er gjerne solide og held lenge om du er nøye med vedlikehaldet. Isolerande og fuktigheitstransporterande klede mister eigenskapane sine om dei ikkje blir vaska jamleg. Vindtøy av bomull bør impregnerast etter vask. Impregneringa blir òg sliten vekk etter å ha vore i bruk ei tid.

Les meir

Dei impregneringstypane som skal tilsetjast i skyljevatn, er gjerne betre enn dei som blir spraya på. Det finst ein type impregnering der ein gnir på stoffet med ein voksklump som ein deretter smeltar med eit strykjarn. Det fungerer bra. Ta med ei lita eske sysaker på alle turar. Du klarer deg faktisk med ei tom fyrstikkeske fylt med nåler, sytråd og nokre knappar. Knappetråd er ekstra sterk sytråd. Dersom du brukar den, toler saumane dine større belastning.

Læringsressursar

Trygg i naturen

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter