Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. Trygg i naturenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mat i naturen

På tur brukar vi gjerne meir energi enn vi gjer til dagleg og følgjeleg bør du leggje omtanke i kva du puttar i kroppen.

stormkjøkken.ilustrasjon.
Det store kjøkken

Provianten

Dei gamle garva ishavsskipperane meinte at den viktigaste mannen om bord ikkje var skipperen, men kokken. Dersom du ikkje et riktig og skikkeleg, blir du sløv, uvørden og tek feilaktige avgjersler. Mat er ein viktig humørstimulans. Provianten bør derfor vere velsmakande, innbydande og næringsrik. Kjenner du deg svolten, forsvinn gjerne mykje av turgleda.

Kva skal eg ta med?

På fotturar er problemet ofte at du må bere alt utstyret på ryggen. Dermed er du naturlegvis interessert i å halde vekt og volum på eit så lågt nivå som mogleg. Samstundes vil du gjerne ete både god mat og nok mat. Det løner seg som regel å leggje arbeid i å planleggje menyen.

les mer

Ber ikkje med deg vatn, glas eller metall. Har du med kjøt, kan det med fordel steikjast eller kokast på førehand. Då får du bort ein del vatn, du sparer tid og brennstoff til langvarig matlaging, samstundes som at kjøtet held seg lenger. Maten skal vere god og energirik, og karbohydrat er det viktigaste. Det får du lettast gjennom kornprodukt som brød, havregraut og pastaprodukt. Feitt og protein klarer du deg lenger utan. Av feitt kan du velje mellom animalsk og vegetabilsk. Smør er ei fin feittkjelde. Protein får vi frå kjøt og fisk. Dersom vi samanfattar dette til èi setning er vi ute etter: lett, kompakt, energirik mat som krev lite tillaging og smakar godt. Frysetørka mat og suppeposar er den type næring som mange meiner er best eigna som turproviant. Det er lite i volum, fritt for vatn og lett i vekt. Dei frysetørka rettene inneheld ikkje kjøt og som regel lite feitt. Fenadlår og tørka kjøt er framifrå turmat.

Tørking av mat

Kjøt kan du skjere i lauvtynne skiver og tørke i varmeskapet på komfyren, med døra på klem. Set varmeskapet på middels eller høg temperatur. Plasser ei tresleiv i døra, slik at det blir utlufting. I løpet av natta er kjøtet ferdig tørka. Om sommaren kan du eventuelt leggje det nokre timar i saltlake før tørking. Det gjer at kjøtet held seg mykje lenger. Frukt og grønsaker kan du òg tørke på dennee måten. Skjer eple i tynne skiver og la dei liggje i tørkeskapet natta over. Same prosedyre kan brukast for kjøtkaker, pølser og bananar.

Drikke er viktigast

Rikeleg med drikke er viktigare enn mat på dagsturar. På vinterturar er det vanskeleg å finne vatn, slik at du som regel må ha med deg drikke eller kokeutstyr. Det skal ikkje store væsketapet til før du kjenner deg slapp og uopplagd. Å drikke jamleg er endå viktigare enn å ete.

les mer

Om kroppen får underskot på vatn, hjelper det ikkje kva du et. Paradoksalt nok kan vatn vere eit problem i vårt kvite snørike. Under hardt arbeid bør vi drikke ein halv liter i timen. Menneskekroppen er treg til å varsle om at vi bør drikke. Når vi kjenner oss slappe og kraftlause på tur, er det ofte fordi vi held på å tørke ut. Drikk ofte og helst før du blir tørst. Du kan overleve utan mat i over ein månad, men utan drikke bergar du deg berre nokre få dagar. Allereie ved 1 prosent væsketap kjenner du deg uvel og redusert. Drikk ikkje så mykje om gongen, men drikk ofte. Normalt må kroppen få tilført 1½ liter pr. døgn i tillegg til det som er i maten. Under hardt arbeid kan du sveitte fleire liter i timen, og dette er væske som må erstattast. I varmare strøk er regelen at dersom du ikkje har behov for å late vatnet om morgonen, har du underskot på væske. Du bør drikke vatn, svak saft, te som ikkje er for sterk, eller det som du generelt likar. Du skal ikkje engste deg for salttapet i samband med sterk sveitting. Du mister riktignok noko salt, men du mister mykje meir væske. Saltkonsentrasjonen kan derfor faktisk bli for høg. Salttapet får du erstatta gjennom vanleg kosthald.

Næringsinnhald

Hjernen og sentralnervesystemet er heilt avhengig av blodsukker for å fungere tilfredsstillande. Dersom kroppen arbeider hardt og berre forbrenner blodsukker, kan vi halde det gåande nokre timar. Dersom vi set ned tempoet slik at vi òg kan forbrenne feitt, er vi i vigør i dagevis utan å tilføre anna næring enn drikke og karbohydrat i form av nokre brødskiver. Når vi tuslar rundt på tur forbrenner kroppen òg feitt. Under slike tilhøve utgjer karbohydrata brorparten av energiforbruket. Ver klar over at kroppen ikkje greier å utnytte næringa dersom du ikkje drikk tilstrekkeleg.

Vi pakkar provianten

Ein ting er å velje riktig mat – å pakke og oppbevare han under enkle tilhøve er noko anna.
Er du mykje på tur, blir det etter kvart mykje søppel av all plasten. Esker og boksar av bjørkebork, never og spon er lette og sterke. Dei varer lenge, og du kan lage dei sjølv på tur. Kjøt kan du pakke i papir og leggje i ein tøypose. Kaffien høyrer tradisjonelt til i ein skinnpose. Med slik emballasje har du distansert deg frå forbruksmentaliteten vår, som ingen av oss eigentleg set pris på.

Mat dynka i parafin

Du skal ikkje berre vere nøyen med kva du pakkar maten i, men òg kva du pakkar han saman med. La kokeapparatet, parafin- og raudspritflaska liggje i botnen av sekken. Mange har oppdaga lekkasjen for seint og fått mykje av turprovianten innsausa med parafin. Eit par dropar parafin på ein sukkerbit er effektivt mot treg mage, men det er òg det einaste positive som er å seie om den saka. Dersom du pakkar i pulk eller slede, bør du pakke maten i fleire lag med tett innpakning og helst ikkje legge han på botnen av pulken. Har ein fått maten dynka i raudsprit, parafin eller olje, kan ein ikkje gjere noko med det – då er han ikkje etande. Du skal vere særleg merksam på parafinprimusa,r som lett utviklar trykk på tanken under transport og dermed byrjar å leke.

Klare plastposar

Klare plastposar, fryseposar eller brødposar som ein får kjøpt på rull, er eit universalhjelpemiddel for turfolk. Ein kan pakke provianten i slike posar. Det kan vere lurt å pakke maten for ein dag i ein pose. Glas er ueigna på tur. Når glaset blir knust renn innhaldet ut i sekken, og glasbitane kan skjere sund og øydeleggje utstyret du har med deg. Dersom du lukkast med å berge innhaldet i glaset, kan små glasbitar ha blanda seg med maten. Desse bitane kan skade tarmar og magesekk stygt, slik at du kan risikere dødelege indre blødingar. Glas er òg tungt å ha i sekken.

Gjenbruk er nøkkelen

Mjukplast og lakkerte aluminiumsflasker er best til flytande føde, medan klare plastposar og mjuke plastesker er best til fast føde. Det er klokt å knyte med hyssing rundt flaskekorkar for å sikre seg mot at dei skrur seg opp. På langtur tel kvart gram, og du bør finrekne på forholdet mellom næringsverdi og vekt. Hovudregelen er å ta med proviant som inneheld minst mogleg vatn. Slik kost blir lett einsformig og kjedeleg.

Naturleg hermetisering

Ta med røykt, spekt, steikt eller kokt kjøt. Det held seg betre enn rått, veg mindre og du slepp å bruke tid til matlaging. For langtur veg dagsrasjonen mellom ein halv og ein heil kilo pr. mann. Varier menyen og unngå mat som skil seg mykje ut frå det du et til dagleg. Det er for at du ikkje skal bli matlei, og for å unngå mattrøbbel. Til slutt: Hugs at all emballasje som du tek med deg inn, òg skal bli med ut igjen.

Læringsressursar

Trygg i naturen

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter