Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. Trygg i naturenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Førstehjelp

I dette arbeidsoppdraget skal du læra dei viktigaste prinsippa for akutt førstehjelp: Kva du gjer når du kjem først til skadestaden, korleis du varslar, utfører hjarte-lunge-redning, stansar bløding og spjelkar eit brot. Du lærer også om symptom på hjerneristing, akutt hjartesjukdom og epilepsi.

Hånd med kompress. Foto.

Hånd med kompress. Foto.

Dette skal vi gjera:

  1. Vi bruker først ca. to skuletimar på å gå gjennom læringsstien for førstehjelp på NDLA.
  2. Den praktiske delen av førstehjelpsdagen er lagd opp som stasjonsundervisning. Elevar frå Vg2 bemannar dei ulike stasjonane.
  3. Læraren deler klassen inn i seks grupper. Gruppene startar dei praktiske øvingane ved kvar sin stasjon og byter stasjon etter 30 minutt.
  4. Før gruppene byter stasjon og tema, har alle i gruppa gjennomført det praktiske arbeidet på denne stasjonen minst éin gong – og helst fleire gonger. I tillegg har kvar av dykk teke eitt bilete og skrive rapportar frå det de skulle læra på denne stasjonen.
  5. Stasjon 1: Kva gjer du når du kjem først til skadestaden, eller når du finn ein livlaus person? Stikkord: eigen tryggleik, vurdera pasienten, varsling, frie luftvegar, sideleie.
  6. Stasjon 2: Hjarte-lunge-redning
  7. Stasjon 3: Stansa blødingar, stella mindre sår og gnagsår
  8. Stasjon 4: Forstuving og brot
  9. Stasjon 5: Akutte sjukdommar og hovudskadar/hjerneristing
  10. Stasjon 6: Forbrenningsskadar og frostskadar/nedkjøling
  11. Når alle gruppene har gått gjennom alle stasjonane, vert det sett av tid til å laga ferdig og levera inn dei individuelle rapportane.
  12. Vi ryddar opp utstyret, summerer opp dagen i plenum og gjennomfører eigenvurdering.

Etter denne økta kan du:

  • forklara kva du må vurdera dersom du kjem først til ein skadestad der det er mogleg personskade
  • forklara kvar og korleis du kan varsla dei aktuelle nødetatane
  • vurdera om ein person er bevisstlaus
  • sjekka om ein person pustar
  • forklara korleis du kan sikra frie luftvegar
  • leggja ein person i sideleie og forklara når dette er aktuelt
  • utføra hjarte-lunge-redning
  • stansa bløding
  • forklara kva du kan gjera for å førebyggja gnagsår
  • forklara korleis du steller gnagsår og småsår
  • forklara kva du skal gjera dersom nokon vert biten av hoggorm
  • forklara symptom på hjerneristing og aktuelle tiltak
  • forklara symptom på akutt hjartesjukdom og aktuelle tiltak
  • visa kvar skulen din eventuelt har skulen din eventuelt har ein hjartestartar og forklara korleis du bruker han
  • forklara nokre kjenneteikn på epileptisk anfall og aktuelle tiltak
  • forklara korleis sukkerslag og insulinsjokk kan arta seg, og kva som kan vera aktuelle tiltak
  • leggja støttebandasje på ein ankel
  • spjelka ein legg eller ein arm
  • skriva ein rapport der du har med:
    a 1–2 bilete eller teikningar som illustrerer temaet på kvar stasjon
    b ein tekst om kva du lærte på kvar stasjon (stikkord: skadeskildring/symptom og tiltak)

Vurdering:

Læringsressursar

Trygg i naturen

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter