1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. Trygg i naturenChevronRight
  6. Første økt med kart og kompassChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Første økt med kart og kompass

I dette arbeidsoppdraget i naturbasert aktivitet får du ei første innføring i bruken av kart og kompass. Du lærer å lesa kart, finna att i terrenget det du ser på kartet, og å bruka kart og kompass til å finna vegen frå ein stad til ein annan.

Kart og kompass. Foto

Dette skal vi gjera:

  1. Vi går gjennom litt teori om kart, kompass og GPS inne.
  2. Vi tek på utetøy, tek med kart og kompass (to og to deler eitt kart og eitt kompass) og går ut. To og to skal jobba saman om oppgåvene, og heile gruppa skal vera nokolunde nær kvarandre slik at læraren kan hjelpa dei som treng det undervegs.
  3. Vi repeterer namna på dei ulike delane av kompasset.
  4. Sjå på kartet du har fått utdelt. Finn ut kvar du er på kartet, målestokk, ekvidistanse og desse kartteikna nær deg:
    a. bygning
    b. veg
    d. lauvskog
    e. barskog
    f. myr
    g. vatn
    h. bratt skrent
    i. slak helling
    j. dyrka mark
  5. Finn dei same stadene i terrenget, ta bilete av dei, gå tilbake til avtalt møtestad og vis til læraren.
  6. Ta ut kompasskurs frå møtestaden (der klassen er samla) til:
    a. næraste vegkryss, og derifrå til
    b. næraste stad som ligg 20 meter høgare enn dette vegkrysset, og derifrå til
    c. næraste bygning, og derifrå
    d. tilbake til møtestaden
  7. Vi finn ut kva vi kan bruka som siktepunkt og fanglinjer i kvar av desse kompassgangane.
  8. De skal finna ein stad der vi kan brenna bål og eta matpakka vår, og de bruker kart og kompass til å finna ei god rute dit. To og to skal laga forslag til kvar vi skal gå, og presentera dette for resten av klassen (ute).
  9. De skal forklara kvifor de vil velja akkurat denne staden og akkurat denne ruta.
  10. Vi vert samde om ein stad og ei rute for å koma dit.
  11. Vi bruker kart og kompass for å koma til denne staden. To og to skal arbeida saman.

Etter denne økta kan du:

  • forklara korleis du kan finna himmelretningane (nord, sør, øst og vest) ute i naturen utan å bruka kompass
  • forklara kvifor det er nyttig å kunna bruka kart og kompass
  • forklara kva målestokken på eit kart fortel oss, og rekna ut avstanden i verkelegheita når du har eit kart med kjend målestokk
  • forklara kva høgdekurve og ekvidistanse er
  • forklara desse orda: kartkontakt, siktepunkt og fanglinjer
  • lesa kartteikn på orienteringskartet, og finna desse både på kartet og i terrenget: bygning, veg, sti, skog, myr, vatn, bratt skrent, slak helling mot vest, dyrka mark
  • peika på desse delane av eit kompass: marsjpil, linjal, nordpil (eller senga), kompassnål og kompasshus
  • ta ut kompasskurs frå ein stad til ein annan
  • forklara kvar nord på kartet er, og orientera kartet mot nord
  • forklara kva som kan gjera at kompasset kan visa feil retning

Vurdering:

Last ned: Første økt med kart og kompass. Egenvurderingsskjema.

Filer

Læraren og klassen avtaler eventuell vurdering med karakter.

Læringsressursar

Trygg i naturen

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter