Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. Friluftsliv i NoregChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nordmenn er aktive friluftsmenneske

Levekårsundersøkingane vert gjennomførte i Noreg kvart år. Kvart tredje år er temaet friluftsliv. Grafane under gir oss resultata for 2014. Vi får vite kva typar friluftsliv folk flest liker best, og kva samanheng det er mellom alder, kjønn, utdanning og dei friluftsaktivitetane folk føretrekkjer.

Mennesker på tur. Foto.
På tur i norsk natur

Det enkle friluftslivet er mest populært

Friluftsliv er populært i Noreg, og det er det enkle friluftslivet som freistar dei fleste. Fottur i skogen eller på fjellet er den aller mest populære aktiviteten. Deretter kjem spaserturar og bading utandørs.

Over halvparten av dei spurde hadde vore på båt- eller padletur det siste året, og nesten like mange hadde vore på skitur i skogen eller på fjellet minst éin gong i løpet av året.

Grafane under fortel meir om kva friluftsaktivitetar vaksne i Noreg har vore med på i 2004, 2007, 2011 og 2014.

Statistisk sentralbyrå, som har laga denne undersøkinga, kan fortelja at det er flest unge menneske som driv med terrengsykling, alpint og off-piste eller frikøyring på ski. Dette overraskar deg kanskje ikkje, men du legg kanskje merke til at terrengsykling har vorte enormt populært frå 2004 og 2007 til 2011 og 2014?

Sjå nærare på grafen under og finn svar på desse spørsmåla:

1. Kor stor prosentdel av dei spurde hadde vore på bær- eller sopptur i 2014?

2. Kor stor prosentdel av dei spurde hadde vore på fisketur i 2014?

3. Kva for aktivitet ser ut til å ha auka mest i popularitet frå 2004 til 2014?

4. Var alpint/snowboard/telemarkskøyring meir eller mindre populært enn skitur i skog og fjell i 2014?

Andelen nordmenn som deltar i friluftsaktiviteter. 2014. Grafisk framstilling.

Er det forskjellar på kvinner og menn?

Sjå om du kan finna svar på desse spørsmåla:

  • Kva for friluftsaktivitet deltok flest kvinner i i 2014?
  • Kva for friluftsaktivitetar likte kvinner betre enn menn?
  • Kva for friluftsaktivitetar ser det ut til at menn likte betre enn kvinner?
  • I kva for to friluftsaktivitetar påverkar kjønn graden av deltaking mest?
Andelen som har deltatt på ulike friluftsaktiviteter, etter kjønn. 2014. Grafisk framstilling

Utdanning og økonomisk status påverkar valet av aktivitetar

Figur 2 og 3 under fortel oss at deltakinga i friluftsaktivitetar i Noreg aukar med utdanningsnivået. Vi ser størst forskjellar når det gjeld skiturar, terrengsykling og soppturar, medan folk går like mykje på spaserturar, jaktturar eller fisketurar same kva utdanning eller inntektsnivå dei har.

Diskuter følgjande spørsmål:

  • Kva friluftsaktivitetar liker pensjonistar best å driva med?
  • Kva aktivitetar liker studentar best?
  • Kva friluftsaktivitet er det veldig få pensjonistar som driv med? Kvifor er det slik, trur du?
Sammenheng mellom deltakelse i friluftsliv og utdanningsnivå i 2014 i Norge. Grafisk framstilling.
Friluftsliv og økonomisk status. Grafisk framstilling.

Fleire og fleire driv med friluftsliv

Alt i alt deltok fleire nordmenn i friluftsaktivitetar i 2014 enn i 1970. Ifølgje nettstaden miljøstatus.no deltok 75 prosent av lågt utdanna personar i friluftsaktivitetar i 2014, mot berre 56 prosent i 1970. For dei med høgare utdanning var tala 92 prosent i 2014 og 76 prosent i 1970. Men sjekk grafen under for å sjå korleis det har gått med bærplukkinga!

Deltakelse i bærplukking, fiske og jakt. Grafisk framstilling.

Har det noko å seia om vi bur i byen eller på bygda?

Både folk i byen og folk som bur på bygda, driv med friluftsliv. Av grafen under kan vi lesa at dei som bur på bygda, driver litt meir med bærplukking, fiske og jakt enn dei som bur i byen. Diskuter:

  • Er det nokon friluftsaktivitetar dei som bur i dei største tettstadene eller byane, driv meir med enn dei som bur i spreiddbygde strøk?
  • Kvifor er det slik, trur du?
Levekårsundersøkelsen 2014. Deltakelse i friluftsliv og bosted. Grafisk framstilling.

Læringsressursar

Friluftsliv i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Elevar i friluft

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter